Avdelingsleiar i Vatn og avløp, Rose Mari Refsnes, seier boringa er for å skaffe Ålesund kommune betre kunnskapsgrunnlag for å vurdere korleis ein kan stoppe miljøgifter frå å leke ut i fjorden.
Vi skal legge ny og rein sjøbotn i Aspevågen, men då må vi også hindre at miljøgifter held fram med å leke ut i vågen og skape ny forureining for livet i havet.
Nattestengt innfartsveg og omkøyring
Arbeidet startar om kvelden mandag 13. januar og vil ta nokre veker.
Dei første par vekene skal det etter planen takast prøver på innfartsvegen, E136. Då må vegen stengast for trafikk og difor skal dette arbeidet gjerast om natta, mellom klokka 22 og klokka 06. I denne perioden vert det omkøyring via Røysegata og Borgundvegen.
Resten av boringa vil ta nokre veker til, men det arbeidet blir på parkeringsplassar og næringstomter og vil difor ikkje påverke trafikken. Dermed kan det arbeidet utførast på dagtid, mellom klokka 7 og 19.
Støy og lukt
Dei som bur og arbeider i området vil merke støy av boringa. Dette er støy som pågår i korte periodar før det vert ei noko lengre pause fram til neste boring. Det er altså ikkje kontinuerleg boring og støy.
I grunnen ved Gassverktomta er det mange gamle miljøsynder, mellom anna gamal tjære. Ved boreriggen vil folk sjå personell med maske og vernedrakt. Det er for sikkerheita til den som står like ved boreholet sin del, fordi boring kan utløyse gassar som hydrogencyanid.
Området der boringa pågår vert ramma inne av sperreband. Eventuelle gassar vert raskt fortynna i lufta og utanom sperrebanda er det heilt trygt for folk. Det vert sjølvsagt målt og sjekka for eventuelle gasslekkasjar under arbeidet.
Det som kan skje når ein borar i slik gamal masse er at det blir lukt. Difor oppmodar vi naboar om å halde vindauga stengt, som eit førebyggande tiltak.
Naboar vert varsla med sms.
Kontaktperson
Avdelingsleiar i Vatn og avløp, Rose Mari Refsnes
E-post: rose.mari.refsnes@alesund.kommune.no
Kartet viser kvar det skal borast. Det kan bli mindre endringar for å tilpasse til leidningsnettet i grunnen.