Populær trening treng fleire instruktørar

Populær trening treng fleire instruktørar

Sterk og stødig, treningsgrupper for seniorer, er blitt veldig populære. No vil vi utvide tilbodet og er på jakt etter fleire frivillige treninginstruktørar.
To personar som trenar. - Klikk for stort bileteFysioterapeutene Tonje Haugen Ødegård og Mauela Frøland er to av dei som er fagleg ansvarlege for Sterk og stødig. 

Sterk og stødig - Stor suksess

På eit halvt år er Sterk og stødig blitt eit godt etablert tilbod i kommunen.

- Vi har treningsgrupper fem stadar; Harøy, Lepsøy, Brattvåg, Sjøholt og Nørve. Frå hausten av blir det starta ei gruppe i indre bydel gamle Ålesund. Tilbakemeldinga frå deltakarane er at dette er ei kjekk og effektiv treningsform. I tillegg er det sosialt, fortel Kari Anne Lausund, som er fysiterapeut i verksemda Førebygging og meistring.

Sterk og stødig treningsgrupper

Sterk og stødig treningsgrupper
Stad Dag Tid
Brattvåg, Haugtunet, Knutvegen 2 Måndag 11.00-12.00
Harøy, Harøy skule, Skulevegen 28 Onsdag 11.00-12.00
Lepsøy, Saniteten, Lyngstadvegen 38 Torsdag 13.00-14.00
Ålesund, Nørve, Borgundvegen 162 B (i kjellaren) Måndag 12.30-13.30
Sjøholt, Ørskog Frivilligsentral, Øyravegen 11 Måndag 14.00-15.00

Treng fleire instruktørar

Sterk og stødig er eit ettertrakta tilbod og det er derfor behov for å starte fleire grupper.

- Vi ønsker å starte grupper der det ikkje er grupper frå før av. Fleire av gruppene som er starta er allereie fulle, og det er derfor også behov for å opprette fleire i desse kommunedelane. For å starte fleire grupper treng vi fleire frivillige instruktørar. Kanskje kan dette vere noko for deg?

Vi leitar etter deg som:

  • er glad i å bevege deg
  • liker å jobbe med andre
  • er senior eller er ledig på dagtid
  • ønsker å leie ei treningsgruppe

Du som instruktør får:

  • instruktørkurs
  • hefte med øvingar
  • hjelp med igangsetting av gruppe
  • vidare rettleiing av fysioterapeut
  • førstehjelpskurs og fagleg påfyll
  • nye vennskap

Vi ønsker deg med på laget. Vi har instruktørkurs to gongar i året; på nyåret og tidleg haust. Første kurs blir halde i september, og vil bli annonsert i kalenderen på kommunen si nettside, på Friskus, Facebook og på

Vil du vite meir?

 

Til toppen