Siste nytt

Politikarløn på sakskartet i første møte

13 saker står på sakskartet når kommunestyret samlast for første gong i 2021.  På grunn av dei strenge koronarestriksjonane, vert møtet avvikla på Teams. Innbyggarane kan følgje møtet på kommune-tv.Klikk for stort bilete14. januar skal kommunestyret møtast, men ikkje fysisk. Møtet skal avviklast på Teams.  

Reduksjon i politikarløna er ei av dei første sakene som politikarane skal behandle i 2021.  Eit utval har no lagt frå si tilråding til reduksjon i honorar på åtte prosent.  Det er ikkje kome nokre høyringsfråsegner i samband med saka, og kommunestyret kan derfor behandle saka. 

Endringar i honorar og løn må forankrast i forskrift. Den nye forskrifta er i hovudsak lik den gamle, men satsane er justert i tråd med oppgåveutvalet si tilråding. 

Kommunedirektøren rår til at den nye forskrifta  trer i kraft allereie frå 1. februar 2021.

Meir om kommunedelplana 

Samfunnsdelen til kommuneplanen for perioden 2021-2031 omfattar eit sett mål- og strategiar, og er vedlagt eit overordna kunnskapsgrunnlag. Sjølve plandokumentet er bygd opp med bakgrunn føringar i intensjonsavtalen og nasjonale forventningar.

Det har kome inn ei rekke høyringsuttaler til samfunnsdelen av kommuneplana. Den skal kommunestyret no drøfte før ein gjer endeleg vedtak.

Samfunnsdel av kommuneplana.

Rår til at ein startar regulering av næringsområde på Kverve

Det er søkt om at ein legg til rette for omtrent 400 mål med næringsareal på Kverve som er tenkt utvikla og tatt i bruk gjennom ein periode på fem til 20 år. I søknaden blir det vist til at arealet «Kverve nordvest" sidan 1986 har vore avsett til industriformål i kommunedelplan for Ellingsøya, og vidareført i arealplanen frå 2008, men utelaten i ny arealplan.

Tilrådinga frå planutvalet til kommunestyret er slik: 

«Ålesund kommunestyre viser til oppmoding om å få starte områdeplanlegging for Kverve – Sandvikane. Omfanget av søknaden bryt med kommunedelplanen i Ålesund sin arealdel 2016 – 2028, og bør eventuelt vurderast når kommunen skal rullere arealplanen.  Kommunestyret ønsker at utvikling av området startar i området som er avsett til næringsformål i Sandvikane i kommunedelplanen sin arealdel og rår i frå at det vert starta ei områderegulering med sikte på å utvide området mot vest no.»

Her kan du lese heile saklista til kommunestyret og lese dokumenta som er vedlagt. 

Du kan òg følgje møtet på kommune-TV

Til toppen