Siste nytt

Politiet og kommunen ber innbyggarane vise varsemd

13. oktober vart reglane for tidleg skjenkestopp og lukking for utestadane oppheva.  Det betyr at frå denne datoen er det dei ordinære skjenkereglane i kommunen som gjeld.Klikk for stort bildeOlav Mestad, kommuneoverlege i Ålesund. 

Dette inneber at Ålesund kommune då går tilbake til normal skjenketid, med skjenkestopp kl. 02.00, og normale opningstider.  Krava til å registrere dei besøkande og ein meter reglen vil framleis gjelde. 

Det har vore auka smittetrend fleire stader i Noreg den siste tida, og  politiet og Ålesund kommune ber no innbyggarane vise ekstra varsemd når dei skal ut i helga. 
 
-Det er viktig at alle tenkjer seg nøye om når dei går ut. Det er viktig at dei som besøker utestadane lar seg registrere. Du som gjest bør òg bevege deg minst mogleg i lokala, og vere påpasseleg med å halde ein meters reglen. Samstundes er det no ekstra viktig at både gjestar og tilsette dei som har symptom på luftvegssjukdom er heime, seier kommuneoverlege i Ålesund Olav Mestad.

Kommuneoverlegen ventar at alle utestadane no er sitt ansvar bevisst, og er nøye med å halde dei anbefalte og pålagde reglane.

-Om gjestane ikkje følger retningslinene og smittvernsråda, er det utestaden eller restauranten som vert råka, seier Mestad.
 
Politiet vil følge nøye med korleis utestadane forvaltar ansvaret no i helga.
 
-Vår oppmodning er at folk kuttar den hardaste festinga og høyrer på utelivspersonalet og vektarane når dei minner om smittevernsråda. Vår erfaring er at kvar enkelt tar best i mot råd når dei er moderate i alkoholinntaket, seier Oddbjørn Solheim som er politistasjonssjef i Ålesund.

-Slik kommunen presenterer situasjonen, så meiner politiet at den verste festinga fortsatt må stå på pause inntil vidare. Vår erfaring er at folk bryr seg mindre om smittevern jo seinare på natta det blir. Det er ikkje knytta til eit spesielt klokkeslett, men etter eit visst antall timar med alkohol mister mange dømmekrafta, seier Solheim.
 

 

Til toppen