Planen er:
Trase som viser kvar det etter planen skal leggast leidning på tirsdag.- Tirsdag: Hovudutsleppsleidning mot Storfjorden
Startar slep frå Sjukenesstranda kl 07:30
5-6 timer slep (til 13:30).
Arbeid med å seinke utover ettermiddag og kveld.
Kart som viser kvar det etter planen skal leggast leidning på onsdag.- Onsdag: Hovudinntaksleidning frå Vegsundstranda til Kongshaugstranda.
Startar slep frå Sjukenesstranda kl 07:30
5-6 timer slep (til 13:30).
Arbeid med å seinke utover ettermiddag og kveld.
Obs for at leidninga først skal slepast gjennom sundet før den deretter skal posisjonerast og leggast i overflata på tvers av Vegsundvågen før den til slutt blir seinka. Det betyr at sjølve Vegsundvågen også blir stengt i ein periode.
Kart som viser kvar det etter planen skal leggast leidning på torsdag.- Torsdag: Nødutsleppsleidning,
Startar slep frå Sjukenesstranda kl 07:30,
5-6 timer med slep (til 13:30).
Arbeid med å seinke utover ettermiddag og kveld.
Dette arbeidet er avhengig av godt og lagleg vêr, og det kan bli endringar dersom det blir mykje vind, bølger eller anna.
Tidspunkt blir oppdatert her på heimesida og på Facebook-sida til Blå fjordar.
Har du spørsmål om stenginga og tidspunkt, kan du ringe byggeleiar på tlf 94 87 66 41.
Har du spørsmål om stenginga, kan du ringe byggeleiar tlf 94 87 66 41.
Båttrafikken og legging av leidningar i sjø
Sjøleidninga blir slept sjøvegen frå Giørtz-tomta på Sjukenesstranda til Vegsundvågen.
Når desse rørlengdene skal leggast ut og seinkast, vil det påverke båttrafikken i området. Sjøleidningane blir merka med flagg og lampar som lyser når det er mørkt. Det er stilt krav til entreprenør om at det skal vere fartøy som skal halde vakt, og vi oppmodar båtførarar og andre som ferdast på sjøen om å vere merksame og varsame.
Leidninga skal ligge på botnen og det skal ikkje gravast i sjøbotnen i samband med legging av sjøleidninga gjennom naturreservatet.
Eit avgrensa areal på botnen
Det er gitt dispensasjon frå Statsforvaltaren til legging av sjøleidning i Vegsundholmane – Veibustholmen naturreservat.
I dispensasjonen seier Statsforvaltaren at tiltaket ikkje strir i mot verneformålet og ikkje påverkar verneverdiane nemneverdig. Dei viktigaste verdiane for biologisk mangfald er ikkje knytte til sjøbotnen og leidninga vil berøre eit avgrensa areal på botnen. Gjennomføring av tiltaket skjer over kort tid, og slik det er skildra i søknaden, utan vesentlege negative verknader knytt til opproting av sediment. Traseen ligg i god avstand (100-150 meter) frå næraste hekkeholme.