Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Pengar til ladepunkt for bildelingsordning i Ålesund

Miljødirektoratet har løyvd 700 000 kroner til ladepunkt til bildelingsordning i Ålesund kommune.

Klikk for stort bildeIll: Bilkø Hildgrim/Flickr  

Ålesund kommune fekk innvilga søknaden sin om 700 000 kroner til 35 ladepunkt til kommunale tenestebilar. Ladepunkta skal brukast til elektriske bilar som skal inngå i ein bildelingspool. Bildelingsordninga skal også kunne brukast av innbyggarar, frivillige organisasjonar og andre etter ordinær arbeidstid. Miljødirektoratet innvilgar støtte som dekker inntil 50 % av kostnadane for etablering av desse ladepunkta.

Prosjektleiar for bildelingsordninga, Sindre Rovde, seier støtta frå Miljødirektoratet gjer at kommunen ikkje har økonomisk risiko ved å etablere ei slik ordning. I tillegg er det mange fordelar:

-    Vi får reduksjon i utsleppa av CO2, men i tillegg så har denne ordninga eit sosialt aspekt som også er viktig; Den kan gi tilgang til bil for dei som av ulike grunnar ikkje har bil – og kanskje kan ei slik ordning utfordre bil nummer to i mange husstandar, spør Rovde.

-    Gjennom ordninga får kommunen også brukt bilane sine så godt som mogleg, noko som gir ein økonomisk vinst.

Miljødirektoratatet legg til grunn at kommunen skiftar ut eit fossilt køyretøy med eit heilelektrisk for kvart ladepunkt det blir gitt støtte til.

Tildelinga er ein del av Miljødirektoratets tilskotsording Klimasats – støtte til klimasatsing i kommunene. Formålet med ordninga er å bidra til reduksjon av klimagassar og omstilling til lavutsleppssamfunnet.

Samarbeidsprosjekt

Bildelingsordninga er eit samarbeid mellom Ålesund kommune, TAFJORD og Sparebanken Møre.

Ei arbeidsgruppe ser no på korleis ein skal organisere denne ordninga og skal gi svar på – blant andre, desse spørsmåla:

  • Kvar skal ei (eller fleire ulike) delingsordningar lokaliserast, kven (tenester) skal nytte dei og kor mange bilar bør dei omfatte?
  • Kva for særskilte kriterier bør knyttast til innbyggarane sin bruk av delingsordninga?
  • Kor mange kan omfattast av ein slik pilot, kor mange bilar må til, og når kan piloten i så fall settast i gang?
  • Kva for spesifikke krav med tilknytning til sjølve ordninga må stillast til aktuelle firma i samband med utlysing av anbod på bildelingsordning?

Arbeidsgruppa skal orientere seg om løysingar som er etablert eller er under etablering i andre kommuner, og særskilt dei som er basert på at innbyggarar skal kunne nytte dei same bilane til privat bruk etter arbeidstid.

Ordninga skal administrerast av eit eksternt firma etter anbod og arbeidsgruppa arbeider no med å lage utkast til anbodet.

Løysinga må vere slik at den er økonomisk berekraftig for eventuelle leverandørar som ønsker å etablere seg i regionen. Om løysinga skal vere berekraftig, må både privatpersonar og næringsdrivande i regionen ønske å nytte seg av bildeling.

Til toppen