Pårørandeskole

Pårørandeskole

Har du eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom? Då kan pårørandeskolen være noko for deg.
Eldre par på en benk - Klikk for stort bilete Marc A. Sporys, Unsplash  

Pårørandeskole er eit kurstilbod til deg som har ein familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom.

Demens utviklar seg over lang tid og fører ofte til store kjenslemessige og praktiske utfordringar for heile familien.

Gjennom undervisning og møte med fagpersonar med kompetanse på området får du kunnskap om demens og informasjon om kommunen sine tenester. Du kan også møte andre pårørande og utveksle erfaringar.

Les meir om innhald i pårørandeskolen.

Pårørandeskole hausten 2022

Pårørandeskolen er gratis og går over 6 kveldar på hausten. Kurset vert arrangert i samarbeid med Ålesund demensforening med stønad frå Helsedirektoratet.

Meld deg på

For å bli med på Pårørandeskolen kan du ringe Innbyggartorget på tlf. 70 16 20 00.

Fristen for å melde seg på er innan mandag 26. september.

Meir informasjon

Ta kontakt med demensteamet i Ålesund kommune på tlf. 70 16 30 51

 

 

Til toppen