Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Siste nytt

Parker bilen på Moa og ta bussen mot byen – enkelt og billig

No kan du bruke innfartsparkeringen på Moa og kjøpe buss mot sentrum i ein og same billett. Parkeringa vil vere open og gratis for dei med gyldig periodebillett mot stikkontrollar. Ordninga er sikta inn på pendlarar som køyrer via Moa og vidare mot sjukehuset, campus og Ålesund sentrum.Tre blide mennesker og en buss - Klikk for stort bilete 

I første omgang blir dette eit prøveprosjekt på seks månader. Ordninga omfattar om lag 60 parkeringsplassar ved svømmehallen på Moa. For 44 kr per dag får du parkering og bussbillett tur/retur sentrum.

Det er same prisen som ein enkeltbillett på bussen. Parkerings-/bussbilletten varar i 12 timar og gjeld for førar av bil.

Pendlarar med gyldig periodebillett kan parkere på pendlarparkeringa utan å løyse parkeringsbillett. Det vil bli stikkontrollar av at dei har gyldig periodebillet.

- Ved å parkere bilen «gratis» slepp pendlaren å betale for dyrare parkering i sentrum eller på andre knutepunkt og kjem seg rimeleg frå Moa og tilbake til bilen. Vi ønsker å teste dette tiltaket for å auke bussen sin konkurransekraft i forhold til privatbilen, seier Toril Karlsnes, seksjonsleiar i FRAM.

14 bussar i timen

I rushtidsperiodane frå sju til ni om morgonen og halv to til halv seks på ettermiddagen går det 14 bussar i timen kvar veg mellom Moa og sentrum. Så du slepp lang ventetid, og det er enkelt med parkeringsbillett og bussbillett i same app.

Enkelt å bruke

- Du parkerer bilen på det reserverte området, kjøper billett via FlexiPark-appen, og viser billetten i appen til bussjåføren. Enkelt og greitt, seier Roar Salen, leiar i Ålesund parkering.

- Vi er svært glade for at vi har fått til dette samarbeidet. For mange er ikkje buss heile vegen den beste løysinga. Denne ordninga gjer det enkelt å kombinere bil og buss, og vi er veldig glad for at vi kan prøve ut ei slik løysing, seier Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund kommune.

Ordninga er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune ved Fram, Ålesund parkering og Ålesund kommune. 

Til toppen