Parken kulturhus med bursdagsgåve til Ålesund by

Parken kulturhus med bursdagsgåve til Ålesund by

13. april er det 25 år sidan Parken kulturhus opna dørene til publikum. Same dag i år er Ålesund 175 år! Det blir markert med byens og husets historie, tett knytt saman, i framsyninga "Byens hukommelse".

Flere bilder av kjente kunstnere fra Ålesund - Klikk for stort bilete

Framsyninga er ei gåve og gitt av eit utval av kunstnarane og kulturarbeidarane i byen til byen.

Det blir sagt at kunsten speglar samfunnet, og det er gjennom kulturen og kunsten at historia vår blir hugsa, blir tolka og blir formidla. Og slik blir vår felles identitet, ja for ikkje å seie sjela i byen, til.

Så kven er vi no, i 2023? I 1998 var det kulturskolens Eirik Havnes, den gong 8 år, som stod for opninga
av kulturhuset. No, 25 år seinare, har vi bede han gå ei alternativ byvandring, og fortelje oss om
korleis det er å stå, som ein Harald Grytten, i ålesundet, midt i Ålesund, og snakke på ålesundsk - om
ålesundaren.

Bli med og feire byen, gjennom kunsten og kulturen, gjennom tekst, humor, dans, klovning og musikk.
Det blir ei hyllest til den langstrekte byen ved havet, ei undring over folka som bur der, og kanskje
til og med ørlite konstruktiv kritikk.

Framsyninga er gratis og blir berre spelt ein gong. Gratisbillettar er å finne i februar.

Sjå meir informasjon på parkenkulturhus.no.

Flere bilder av kjente kunstnere fra Ålesund - Klikk for stort bilete

Til toppen