Siste nytt

Pakkhusbygget blir rive - dette er starten på Kulturhamna og Sørsida

Rivinga startar denne veka og skal vere ferdig i starten av 2022.Brosundet og Pakkhusbygget i droneperspektiv - Klikk for stort bilete Torgeir Emblem  

Denne veka startar sanering av asbest. Sjølve demonteringa av bygget startar 30 november, fortel prosjektleiar i Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) Ronny Gårdsvoll.

- Vi startar med demontering av taket og takkonstruksjonar. Det meste av bygget skal vere ferdig rive i løpet av desember månad. Innan utgangen av januar 2022 vil området stå klart for at Plugg As og Statens vegvesen sine byggeprosjekt.

Rivinga er første steg i Sørsideplanen. Kirsti Slotsvik skal lede utbygginga av Sørsida i Ålesund sentrum.

- Endeleg skjer det! Rivinga av Pakkhusbygget er viktig for framdrifta av Sørsida og heile området. No får vi rydda klart til bygging av landstraumanlegg for cruisenæringa, utbygging av bru over Brosundet og forlenging av Keiser Wilhelms gate, seier ho.

Akkurat der Pakkhuset blir rive, skal det etter kvart bli kulturskule, vidaregåande skule, teater, bibliotek og mange fleire tilbod.

- Snart er vi i gang med detaljert planlegging av framtidige bygg, der og i resten av Kulturhamna, legg Slotsvik til.

Les meir om sørsideplanane.

Til toppen