Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 alle dagar. 

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

 

Siste nytt

Opplæringen av tilsette i gang

Ålesund kommune har starta opplæring i smittevern av personell som har meldt seg til teneste.

Ann Kristin Berg, sjukepleiar  - Klikk for stort bildeAnn Kristin Berg er ein av sjukepleiarane som no driv opplæring av nye helsearbeidarar. Øyvind Heggstad   

Over 300 helsearbeidarar og studentar meldte seg til teneste etter utbrotet av koronasmitte. Onsdag starta kommunen opplæringa av dei første 14 helsearbeidarane. Dei skal inn å styrke bemanninga på sjukeheimar og bustader.

Dette er sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og vernepleiarar som arbeider andre stader enn helsevesenet. Fleire av dei jobbar i skolar, barnehagar eller i NAV.  No får dei grundig opplæring i smittevern, slik at vi kan nytte dei i institusjonane, seier sjukepleiar ved fagstaben i Ålesund kommune, Ann Kristin Berg

Skal brukast fleire stader.

Ålesund kommune har bestemt at Åse helsehus, som er ein del av Ålesund lokalmedisinske senter, skal brukast til menneske som er smitta av koronaviruset og som treng tilsyn og eit omsorgstilbod. 

Faste bebuarar ved Åse kan då flyttast til Eidet omsorgssenter på Vatneeidet, eller til Sjøholt sjukeheim for å frigjere rom til dei som er smitta. 

Dei aller fleste av dei som deltek på det første kurset, er tilsette i Ålesund kommune. Fleire av dei er permitterte frå jobbane sine, fortel Berg. 

Kurset i smittevern er det første i rekka av  fleire. No skal kurset evalueres, og lærdomen skal brukast også etter koronakrisa.

Vi får viktige erfaringar. Allereie i oktober snakka vi om eit slikt kurs for nytilsette i kommunen. No vart vi kasta ut i det. Her får deltakarane ei viktig innføring i teieplikt, dokumentasjon, prosedyrar og hygiene, seier Jann Harald Røst som er avdelingsleiar i  Bemanningstenesten.

Smittekurs i bystyresalen - Klikk for stort bildeSmittekurs i bystyresalenPlana er at dei som har vore på kurs skal arbeide på Vatneeidet og Ørskog.

Kommunen arbeider no med å kartlegge dei interne ressursane, og kva behov som er rundt om på omsorgsheimane og i bustadane. 

Over 300 melde seg til då kommunen etterlyste helsearbeidarar. Kurshaldarar er Bodil Haugen Våge og Grete Myklebust Gjesdal. Dei har ansvar for smittevern-opplæringa.  Ann Kristin Berg og Anne Berte Hareide  har ansvar for opplæring i kommunen sitt journalistsystem, reglar for teieplikt og informasjonstryggleik.

Vi har no vore i kontakt med 92 studentar og assistentar som er aktuelle for teneste i første omgang. I tillegg har vi tilsett fleire sjukepleiarar og nokre helsefagarbeidarar. Mange av studentane blir no kopla til dei institusjonane der dei hadde  praksisen sin. Dersom dei ikkje kan ta imot dei, vil vi finne andre arbeidsstader til dei, seier Røst.

Til toppen