Oppheva kokevarsel til gamle Sandøy kommune

Oppheva kokevarsel. Alle oppfølgingsprøver har vore reine og kokevarselet for gamle Sandøy er oppheva

Oppdatering søndag 10:30

Oppheva kokevarsel. Alle oppfølgingsprøver har vore reine og kokevarselet for gamle Sandøy vert oppheva.

laurdag 23. mai kl 10:30:

Vi har ikkje funn av e-coli bakteriar eller koliforme bakteriar på andre oppfølgingsprøve. Det er heller ikkje funn av intestinale enterokokkar (tarmbakteriar) på første oppfølgingsprøve. Men, vi må ha to dagar på rad med fine prøver også for intestinale enterokokkar. Neste prøvesvar er forventa å kome på søndag, og kokevarselet kan dermed tidlegast opphevast søndag

Fredag 22. mai:

Det er ikkje gjort funn av e-colibakteriar eller koliforme bakteriar i første oppfølgingsprøve. Men, det tek endå eit døgn før ein får svar på første oppfølgingsprøve for intestinale enterokokkar (tarmbakteriar). Første svar på intestinale enterokokkar kjem laurdag.

Vi må ha to dagar med fine prøver før vi kan oppheve kokevarselet. Det betyr at kokevarselet tidlegast kan opphevast søndag. 

Onsdag 20. mai: 

Det er gjort funn av intestinale enterokokkar i samband med rutinemessig prøvetaking. Dette er tarmbakteriar og er ein indikator for forureina vatn. Difor blir det sendt ut kokevarsel som eit føre var-tiltak. 

Funnet vart gjort på prøvepunkt i Morsundet på ei leidning som er ein del av leidningsnettet for heile gamle Sandøy kommune. Dermed går kokevarselet til alle innbyggarane i området. 

Verksemd for Vatn og avløp i Ålesund vil følge opp med nye prøver, og anbefaling om koking vil gjelde fram til ein får stadfesta at vatnet er reint. Dette vil ta nokre dagar.

Innbyggarane det gjeld har fått kokevarsel på sms og vil få oppdatering også via sms. 

Bur du i området, men ikkje har fått sms? Her kan du lese meir om korleis du sikrar at du får viktig informasjon frå kommunen. 

Gode råd ved kokevarsel (også på engelsk, polsk, litauisk og ukrainsk) finn du her.