OPPDATERING LAURDAG:
Laurdag rundt lunsj gjekk det ut melding til husstandar og Møre barne- og ungdomsskule om at kokevarsel er oppheva og at vatnet igjen er trygt å drikke og bruke til matlaging. Dersom vatnet har stått stille i røra, er rådet også å la vatnet renne i nokre minutt før bruk.
Melding er sendt til dei det gjeld.
Opprinneleg melding:
Det vesle vassbehandlingsanlegget aust i Brusdalen fekk onsdag kveld teknisk feil, og for å vere føre var, vart det sendt ut råd om å koke vatnet til dei få som får vatn frå dette anlegget.
Dette gjeld altså berre eit fåtal husstandar og Møre barne- og ungdomsskule. Det er også teke direkte kontakt med rektor på skulen. Samtidig er også kommuneoverlege og Mattilsynet varsla.
Det er sett i verk tiltak, for å få ordna feilen og det vil bli sendt nytt varsel til dei det gjeld når det ikkje lenger er behov for kokevarsel.
Her du finn du gode råd ved kokeanbefaling.