Siste nytt

Oppfriskingsdose til alle over 45 

Ålesund kommune er i gang med å tilby oppfriskingsdosar med koronavaksine. Du vil få eit brev frå oss når det er klart for at du kan bestille time for vaksinering. Illustrasjon av influensavaksineringen - Klikk for stort bilete 

Slik prioriterer vi vaksineringa no 

  1. Første og andre dose til dei som ikkje er fullvaksinerte. 

  1. Oppfriskingsdose til dei over 65 år 

  1. Oppfriskingsdose til personar med ein eller fleire definerte sjukdommar/tilstandar som gir auka risiko for alvorleg sjukdom og/eller død av Covid-19 

  1. Oppfriskingsdose til dei i alderen 45 – 64 år samt helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar.  

Viktig intervall 

  • For dei over 65 år må det vere fem månader mellom andre dose og oppfriskingsdosen.  

  • For dei under 65 år må det vere seks månader mellom andre dose og oppfriskingsdosen.  

  • Det må vere ei veke mellom andre vaksinar og oppfriskingsdosen. 

Har du fått 2 vaksinedosar og etter det hatt korona, skal du ikkje ha oppfriskingsdose. 

Motta brev 

Ålesund kommune sender deg eit brev når det er klart for at du kan bestille time for vaksinering. Dette brevet kjem til di digitale postkasse. 

  • Innbyggarar over 65 år: Brev blei sendt 12. november 2021. 

  • Innbyggarar over 60 år: brev blir sendt ut i veke 49 

  • Innbyggarar over 55 år: brev blir sendt ut i veke 50 

  • Innbyggarar mellom 45 og 54 år: brev blir sendt ut etter nyttår.   

Når kan du bestille time for vaksinering? 

Du kan ikkje bestille time før du har mottatt brevet. Det er fordi dei tekniske løysingane då ikkje er klare til å motta bestillingar. 

Helsepersonell – vil få beskjed gjennom sin arbeidsgivar.   

Til toppen