Oppdatering om hendinga i Kolvikbakken idrettshall

Før helga var der ein del frå ein ventil som datt ned frå taket i Kolvikbakken idrettshall. Ingen vart skadd i hendinga, sjølv om der var folk til stades i bygget. No er det sikra at det ikkje skal skje igjen.

Ventil i tak - Klikk for stort bileteDet er slike ventilar som no er sikra

Det er gjort både undersøkingar og utbetringar på Kolvikbakken idrettshall i helga. På basis av dette, meiner kommunen at hallen igjen trygt kan nyttast.

Ny standard for idrettshallar

Kommunen meldte først at det var ei vifte som var øydelagt, det viste seg at var snakk om ein fastmontert del av ein ventil. Alle ventilane er no sikra med gitter, slik at ventildelane ikkje skal verte treft, eller kunne ramle i bakken.  

Når det gjeld Emblem skole, så vart det montert gitter allereie i byggeperioden.  Det betyr at denne hallen også kan brukast vidare.  

ÅKE v/Byggforvaltning vil straks følge opp at det gjerast tilsvarande utbetringar i hallen på Ellingsøy, som har dei same ventilane.    

Det er også gjort tiltak for å unngå systemfeil på seinare installasjonar i idrettshallane, der leverandøren gjer gitter til standard for ventilane i slike type bygg.