Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Siste nytt

Opnar meir for besøk på sjukeheim

Klikk for stort bildeÅse helsehus Skylstad arkitekter Frå 27. mai gjeld nye nasjonale smittevernråd som gjeld besøk i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar. Dette inneber at ein opnar meir opp for besøk til pasientar på  sjukeheimar og bukollektiv.

Ålesund kommune innførte besøksrestriksjonar på sjukeheimane i midten av mars på grunn av covid-19-utbruddet. Besøksforbod og tilgangskontroll har bidratt til at det ikkje vore covid-19-smitte blant pasientane på alders- og sjukeheimane. Det er det framleis ikkje per i dag (28. mai).

Letter på restriksjonane

I takt med at smittespreiinga elles har avtatt og samfunnet gradvis blir gjenopna, blir det òg letta besøksrestriksjonane på eldreinstitusjonane. 7. mai vart det opna for å besøka pasientane utandørs eller på tilrettelagt besøksrom innadørs. Frå 27. mai kan pasientane ta imot besøk på romma igjen, der det er tilrettelagt for dette.

Lite smitte

Det er lite smitte både lokalt og nasjonalt. Dette gjer at myndighetene no gradvis opnar opp igjen samfunnet, og herunder også lettar på besøksrestriksjonane i helse- og omsorgsinstitusjonar.

Smittevernregler må følgjast 

Besøk på institusjonane kan berre skje etter avtale, og avstands- og smittevernregler må framleis følgjast. Det er under utarbeiding lokale besøksrutinar for Ålesund kommune.

 

 
Til toppen