Siste nytt

Opna nytt byrom i Ålesund sentrum

I går var Nedre utstillingsplass i Ålesund sentrum fiks ferdig - og vipps så har vi fått eit nytt byrom vi kan boltre oss på. Med offisiell opning av ordføraren til og med! Bli betre kjent med plassen her. Smilande blid ordførar Eva Vinje Aurdal på Nedre utstillingsplass - Klikk for stort bilete 

Den omdiskuterte blodbøka har vore hovedfokuset i prosjektet, fortel avdelingsingeniør Johanne Urkedal Koppen.

- Vi har heva dekket og gitt rom til nytt rotsystem for Blodbøka. Vatnet frå plassen blir leda til dette rotsystemet under bakken. 

Urkedal Koppen fortel at det har vore viktig med gjenbruk i prosjektet. Granitten på plassen er to typar, ein norsk og ein kinesisk. Dette var to typar som gjekk godt ilag samtidig som dei var tilgjengelege på eit lager i Larvik.

Kva kommunen ønsker for rommet er klart:

- Vi ønsker at folk vil stoppe opp her. Det er ein av dei varme og lune plassane i byen som vi er fornøgd med å opparbeide som ein sosial plass. Vi har planta ut tre og staudar som etter kvart som dei veks til, skal gi eit frodig tilskot av grønt. I byrjinga ser det nokså stusseleg ut, men til sommaren lovar vi at det skal vere god vekst i den gjennomtenkte plantinga.

Eit tett og godt samarbeidsprosjekt

Prosjektet er eit samarbeid mellom Ålesund kommune, Bybadet AS og Fazenda Eiendom, som har bygd høvesvis svømmehall og bustadblokka ved sidan av utstillingsplassen. Kommunen har mellom anna brukt byutviklingsmidlar frå det fylkeskommunale tilskotsprogrammet «Byen som regional motor» for finansiering av kommunen sin del. 

Byrom med trær og mennesker i Ålesund sentrum - Klikk for stort bilete

Det er miljø og samferdsel prosjekt som har stått for prosjektleiing. Medan natur, landbruk og områdeforvaltning har stått for koordinering, finansiering og beplantning.

Anleggsgartnar Jan Erik Sandal AS har hatt jobben med dekket. Sandal Parkdrift har hatt arboristtenesta i prosjektet heilt frå starten og hatt beskyttelse av blodbøka, og passa på at vi ikkje har skada røter i anleggsarbeidet.

Til toppen