Ønska prøveordning med fritidskort, og nytt tilskot til Ålesund Pride

Tysdag 5. september var det møte i Ålesund formannskap. Her kan du lese om kva dei kom fram til, sjå opptak og les møteprotokollen.  

Tre personar ved møtebord - Klikk for stort bileteOrdførar, kommunedirektør og varaordførar. Jon Åge Giske Andersen


Møtet starta med ei orientering om byroms-prosjektet ved Malin Ramnemo. Her fortalte ho om kva dei har gjort hittil, kva som skjer vidare, innsyn, om kritikken prosjektet har fått, men ho viste også til eit stor engasjement blant byens innbyggarar. Ved bruk av QR koder har dei fått inn 252 innspel, der  240 var positive tilbakemeldingar. Den yngste som har gitt innspel var 8 år og den eldste 76 år. Dette er mykje breiare og meir representativt for kommunen sin befolkning enn dei ein har brukt å møte på til dømes folkemøte. Vil du lese meir om byroms-prosjektet kan du lese nyheitssakene, eller sjå prosjektsida

Prøveordning med lokalt fritidskort 

Første sak på lista var innføring av lokalt fridtidskort. Kommunedirektørens innstilling blei einstemmig vedtatt. Innstillinga er som følgande: 


1.       Ålesund kommunestyre vedtar at en prøveordning på 3 år etter modell b) behovsbasert ordning innførast. Innføring av prøveordninga frå august 2024.  
 
Forutsetning for innføring er vedtatt økonomiske rammer i kommunen og tilskotsmidlar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) 
 
2.       Ålesund kommunestyre vedtar prinsippet om at administrasjonen utarbeider en lokal fritidserklæring i samarbeid med Ålesund idrettsråd, Ålesund kulturråd, ungdomsrådet og aktuelle utval mfl.. Samarbeidet formaliserast i lokal fritidserklæring som leggast fram politisk. 

 
Forutsetning for initiativet/gjennomføring av lokal fritidserklæring er tilsetting av personressurs i første punkt som leiar utarbeidinga av fritidserklæringa frå august 2024 

 
 
Slik skal verdiane delast mellom kommunane 


Eit anna viktig tema som blei tatt opp er korleis fordele verdiane frå dagens Ålesund kommune til ÅK2024 og HK2024, i høve kommunedelinga. Det var einigheit om at det som kommunane tok med inn skal dei ta med seg ut med justeringar for transaksjonar som er gjort frå 1.1.2020 til 31.12.2023. Dei endelege tala vil ikkje bli klar før årsrekneskapen for 2023 kjem til sommaren 2024.  
Formannskapet kom med følgande tilråding til kommunestyret, som skal gjere det endelege vedtaket.  


Ålesund kommunestyre legg følgjande prinsipp til grunn for førebels deling av eigedelar, gjeld og eigenkapital i Ålesund kommune mellom Haram kommune og Ålesund kommune:  
•    Restitusjonsprinsippet: Dei to nye kommunane skal få med seg ut dei eigedelar, gjeldsplikter og eigenkapital som dei tok med inn i nye Ålesund kommune, justert for dei transaksjonar som har vore i perioden frå og med 1.1.2020 til og med 31.12.2023.  
•    Geografisk fordelingsprinsipp: Eigedelar og tilhøyrande gjeld som er opparbeidd i perioden frå og med 1.1.2020 til og 31.12.2023 overførast til ny kommune etter eit geografisk fordelingsprinsipp, slik at eigedelar som står på fast grunn skal høyre til den kommunen der grunnen ligg.  
•    Pensjonsplikter og pensjonsmidlar delast etter utrekningar frå dei respektive pensjonskassene.  
•    Fordelingsnøkkel for andre forhald: Andre forhald vert som hovudregel fordelt etter dei to kommunane sin andel frie inntekter slik det går fram av statsbudsjettet for 2024.  
•    Plikta til å betale tilskot til Møre og Romsdal fylkeskommune for deira låneopptak til finansiering av Nordøyvegen vert delt med ein halvpart for kvar av dei to nye kommunane.  
•    I tilfelle der det av juridiske, praktiske eller andre grunnar - og det er tale om vesentlege økonomiske storleikar – ikkje er mogeleg å nytte hovudprinsippa for deling, skal det gjerast særskilde vurderingar av fordelinga i kvart tilhøve. 
 

Andre saker 


Her er nokre av dei andre sakane frå møtet: 


•    Orientering - status for Kontantkassa
•    Utkast til retningslinjer for arbeidsløyve på kommunal veg 
•    Ny selskapsavtale for Sunnmøre regionråd IKS 
•    Ny selskapsavtale for Åknes/Tafjord beredskap IKS 
•    Nye vedtekter for Ingebrigt Davik-huset KF 
•    Organisering av kulturskoletilbodet frå 2024 – vertskommuneavtale 
•    Søknad om tilskot frå formannskapet sin reservepost - Ålesund Pride 2022-arrangementet 
 
Møteprotokollen viser alle vedtaka, og du kan sjå opptak frå møtet på KommuneTV