Sjukepleiar i heimetenesten
Marit Brunstad / Ålesund kommune
Sidan fredag har Ålesund kommune gjennomført omfattande testing av knappane tilknytt alarmane som er i bruk i heimetenesta. Dette er trykknappar brukarane har på seg som armband eller smykke.
I løpet av helga har dei aller fleste knappane av aktuell type blitt testa. Av om lag 600 undersøkte trykknappar, er det avdekt mogleg feil på 4. Vi vil undersøke nærare kva som er årsaka til at desse ikkje har fungert.
I dei tilfella der det er avdekt feil, har kommunen iverksett kompenserande tiltak hos brukarane, fram til dei kan få tildelt nye trykknappar.
Ny rutine for testing
Kjelda til problemet ser ut til å vere at ein ikkje vert varsla når trykknappen tilknytt alarmen er i ustand. Dette skal vanlegvis skje automatisk. Fram til dette er løyst vil kommunen få på plass rutinar for testing av alarmar, for å minske faren for feil som ikkje vert varsla av systemet. Dette følger vi opp i dialog med leverandør.
Kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes er glad for at kommunen har fått oversikt så raskt.
«Det er postivt at vi raskt har fått oversikt over situasjonen, og har iverksett tiltak der det var naudsynt. Vi vil jobbe vidare opp mot leverandør for å få løyst problemet.».