Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Omfattande innsparingar i Opplæring

Kommunalområde Opplæring har i 2021 økonomiske utfordringar. Venta meirforbruk i 2020 er på 80 millionar kroner. Politikarane har vedtatt å styrke opplæringa med 30 millionar kroner. Kommunedirektøren kjem no med ei innstilling til politikarane med ei rekke tiltak for å få opplæringsbudsjettet i balanse. Klikk for stort bildeKommunalsjef Bjørn Ivar Rødal 

I saksframlegget til Komite for oppvekst og for Ålesund kommunestyre skriv kommunedirektøren at Ålesund kommune har eit samla driftsnivå som ikkje er i samsvar med tilgjengelege budsjettrammer. 

Kommunedirektøren er klar på at  alle lovpålagte oppgåver knytt til Opplæringslova, Barnehagelova, lærarnorma, bemanningsnorms og pedagognorms skal oppfyllast. 

-Ålesund kommune har ein utfordrande situasjon som betyr at alle kommunalområder må gjennomføre mange innsparingstiltak. Målet for kommunalområde Opplæring er å gi brukarane gode tenester også innafor dei økonomiske rammevilkåra som blir gitt i budsjettet for 2021 seier kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal.

-Det vil vere nødvendig å ta ei vurdering av kvalitet og omfang av tenestetilbodet innafor opplæringsområdet. Ei slik vurdering må skje i nær dialog med brukarorganisasjonar, tillitsvalgte, tilsette og føresette. Målet vil uansett være å sikre at barne og elevar for ei forsvarlig og tilfredsstillande tilbod innafor rammene av lovverket, seier Rødal.

Kommunalsjefen vedgår at det er tøffe økonomiske krav neste år. Han kan ikkje gi nokon garanti for at ein slepp å legge ned eller samlokalisere skular.

-Det vil også bli nødvendig å sjå på strukturelle endringar, som konkret kan førte til forslag om samanslåingar eller nedleggingar. Dette vil bli sett på i eiga sak og vil bli vurdert ut frå barne- og elevtalsutvikling, bustadbygging og faglege vurderingar og økonomi, seier han.

1.4 milliard på opplæring

Opplæring har ei netto driftsramme på om lag 1 439 millionar kroner. Dette er det største kommunalområdet målt i kroner og øre. Det er 23  kommunale og 43 private barnehagar i Ålesund. I tillegg er det 17 barneskular, fire kombinerte barne- og ungdomsskular, sju ungdomsskular og sju private skular. 

Kommunedirektøren har delt innsparingsforslaga i tre kategoriar. 

  1. Tiltak som er sterkt ønska, men må under vurdering for vidare prioritering.  Dette gjeld mellom anna støtte til Dyreklubben, prosjektet MOT og tilbodet ved Broen. Dette tilbodet skal uansett avviklast i den forma det er i dag, og ungdommane skal sikrast eit godt tilbod andre stader.  Kommunedirektøren ber òg  politikarane vurdere leigeavtalane i gamle Ålesund som gir skulane rett til å bruke kunstgrasbanene i skuletida. 
  2. Ønska tiltak for å betre tenestene. Dette er tiltak som kan vere med på å betre tenestane i kommunen, men som ein ikkje finn budsjettdekning for no. Dette   gjeld mellom anna utviding av prosjektet om ein dysleksivennleg skule, auka satsing på digital læring og kompetanseheving for lærarar.
  3. Nødvedige innsparingstiltak. Dette er tiltak for å redusere lønskostander i opplæring. Kommuneirektøren har peika på åtte punkt som vert foreslått vurdert.
  • Strukturelle endringar. Dette kan vere nedlegging av einingar innanfor barnehage og skule. Strukturelle endringar må gjerast ut frå barne- og elevtalsutvikling, bustadbygging og faglege vurderingar og økonomi
  • Endring i krinsgrenser for skulane. Dette er eit tiltak som kan gi avlasting for skular med sprengt kapasitet, og det kan gi betre utnytting av skular med god kapasitet. 
  • Redusere bruken av miljøterapeutar og assistentar. 
  • Vurdere om opningstidene i SFO og barnehage kan reduserast i feriane.
  • Vurdere omfanget av leiarressursar på alle verksemdsnivå.
  • Færre reiser- og kurs.
  • Færre innkjøp.

Skal holde krava i lova

I tillegg foreslår kommunedirektøren at ein på sikt må redusere i  spesialundervisning. Kostra viser at Ålesund samla sett litt godt over andre kommunar i ressursbruk til spesialundervisning.

Det vert òg innstilt på reduksjon i spesialpedagogisk hjelp i barnehagane. Også her viser Kostra at Ålesund kommune ligg godt over andre i ressursbruk til spesialpedagogisk hjelp.

Kommunedirektøren har òg peika på fleire andre moglege innsparingstiltak:  

  • Vurdere bruk av funksjonar i skulane
  • Leksehjelp
  • Trafikkvakter
  • Vurdere kvalitet og innhald i alle tenester som vert levert
  • Organisering av logopedhjelp i vaksenopplæringa
     
Til toppen