Om lag 300 følgde digitalt folkemøte - sjå opptak av sendinga

Rapporten om kva konsekvensar det kan få dersom Haram går ut av Ålesund er blitt presentert. Sjå videopptak frå det digitale folkemøtet.

Mennesker som sit i eit lokale - Klikk for stort bileteFrå det digitale folkemøtet, som ble arrangert på NMK fredag 18. februar.

Det internasjonale rådgivings- og revisjonsselskapet BDO har sett på følgjer av ei eventuell deling, både for den utskilde kommunen og den delen av Ålesund som blir ståande igjen. Rapporten tar for seg samfunnsutvikling, tenester til innbyggarane, økonomi, utøving av mynde, lokaldemokrati og kommunen som arbeidsgivar.

BDO presenterte rapporten for kommunestyret 17. februar og på eit ope, digitalt folkemøte 18. februar. På folkemøtet fekk også ordførar, varaordførar og gruppeleiarane til dei politiske partia som skal ta avgjerda i kommunestyret legge fram synspunkt knytt til prosessen og kunnskapsgrunnlaget.

Til folkemøtet, som blei sendt direkte på kommunen si facebookside, kunne innbyggarar sende inn spørsmål som BDO, ordførar og varaordførar svarte på.  Omtrent 300 personar følgde møtet direkte.

Sjå videopptak frå møtet:

Kommunedeling?

Bør Haram skiljast ut frå Ålesund og bli ein eigen kommune igjen? Dette er tema for ei meiningsmåling og ei rådgivande folkeavstemming dei næraste vekene. Les meir om ei eventuell kommunedeling.

Kva skjer vidare?

  • Opinionsundersøking:
    Selskapet Norfakta Markedsanalyse skal ringe til eit utval i dagane 18. – 25. februar. Bruk sjansen til å seie di meining om dei ringer deg – nummeret deira startar på 73 84.
  • Folkeavstemming:
    Dei frå 16 år som bur i tidlegare Haram kommune kan stemme. Valdagen er 3. mars og førehandsstemming er i perioden 24. februar – 1.mars.
  • Vedtak:
    Basert på kunnskapsgrunnlaget i rapporten, meiningsmålinga og den rådgivande folkeavstemminga skal kommunestyret 17. mars vedta om kommunen skal søke departementet om kommunedeling.

For meir informasjon, sjå alesund.kommune.no/kommunedeling.