Siste nytt

Nytt styre for Bingsa Gjenvinning på plass!

Personar som går på gjenvinningsområdet.  - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto av Bingsa Gjenvinning AS Kristin Støylen Konsolidering av to solide lokale aktørar i avfallsbransjen gir Ålesundregionen ein totalleverandør innan avfallshandtering, og eit av dei største miljøselskapa mellom Bergen og Trondheim. Liv Stette, tidlegare styreleiar i ÅRIM IKS, går no inn i rolla som styreleiar for det nye selskapet. 

Frå 1. januar vart overdraginga av ÅRIM til Bingsa Gjenvinning effektuert. Måndag 3. januar var det generalforsamling i Bingsa Gjenvinning, der oppnemning av nytt styre stod på sakslista. Generalforsamlinga vedtok eit nytt styre med Liv Stette som styreleiar.

«Eg ser fram til å vere med på å etablere eit større og meir komplett miljø- og avfallshandteringsselskap for vår region. Desse selskapa har kvar for seg viktig infrastruktur, tilsette med god kompetanse og høg tillit hos innbyggjarar og kundar. Dette må vi framover forvalte på ein god måte, slik at det samanslåtte selskapet leverer endå betre saman enn kvar for seg», seier Stette.

Avfall som ressurs

Tidlegare styreleiar i Bingsa Gjenvinning, Inger Marie Sperre, blir nestleiar i styret:
 

«Eit godt miljø- og avfallsselskap med eit breitt tenestetilbod vil spele ei stor rolle for forvaltning av avfall som ressurs i regionen. Det viktigaste oppdraget er fortsatt å utføre samfunnskritiske oppgåver innanfor renovasjonsfeltet på vegne av kommunane i regionen. Dette skal skje til det beste for alle eigarkommunane, innbyggjarane og for miljøet», seier Sperre.

Samrøystes vedtak om nytt styre

Det nye styret har følgjande medlemer:

Styre:

Leiar: Liv Stette 
Nestleiar: Inger Marie Sperre 
Medlemmar: Kenneth Langvatn, Tor Olsen Husø, Levi Lervik , Hans Endre Sæterøy og Marianne Nærø. 

Varamedlemer: 

Torill Ansnes, Odd Harald Karlsen,  Monica Busengdal  og Knut Flølo.

Eit styre med nye og «gamle» krefter

Marianne Nærø er heilt ny styremedlem, medan resten har fartstid frå dei tidlegare styra i ÅRIM og Bingsa Gjenvinning. Blant desse er Kenneth Langvatn, tidlegare nestleiar i ÅRIM-styret. 

«Det er komplementære krefter som no kjem saman i Sunnmørsregionens største miljøselskap. Selskapet får ei viktig samfunnsrolle i å ligge i front når det kjem til å ta i bruk nye metodar og virkemiddel for å nå etablerte berekraftmål», seier Langvatn.

Ålesund kommune største eigar

Ålesund kommune blir største eigar av det nye selskapet med 90 % av aksjane. Fjord, Giske, Stranda, Sula, Sykkylven og Vestnes er også eigarar i selskapet.

Til toppen