Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Nytt smittetilfelle i Ålesund

Fungerande kommuneoverlege Aleksander Linge Sommerdalen  har i dag fått melding om at ein person til er smitta av koronaviruset i Ålesund.Klikk for stort bilde150 personar er i dag testa i Ålesund. Det er påvist eitt nytt smittetilfelle i kommunen.  

Vedkommande er mannskap om bord i eit skip som ligg i opplag i Ålesund. Så lenge skipet har vore i opplag, har mannskapet vore isolert på båten. Det er uklart korleis personen har blitt smitta.

Det er 105 personar om bord i skipet, og alle desse skal no testast for koronaviruset.

-Rapportane frå skipet tyder på at dei har gjort eit svært godt arbeid med å hindre meir smitte om bord. Vi mistenker ikkje smittespreiing frå dette skipet i Ålesund, seier Sommerdalen.

Dette er det første registrerte smittetilfellet i Ålesund sidan 7. juli. Totalt har 36 personar fått påvist koronavirus i Ålesund kommune.  

Tirsdag ettermiddag fekk Ålesund kommune melding om at alle dei fire personane som har vore i karantene etter ein tur med Hurtigruteskipet Roald Amundsen, har testa negativt for koronasmitte.

To av personane må framleis sitte i karantene til ein får svar på test nummer to, som skal takast førstkommande fredag.

Auka testing

Dei siste dagane har aktiviteten ved Ålesund kommune sin teststasjon auka kraftig. I dag er omkring personar 150 testa.

Ålesund kommune krev no at alle tilsette i helsetenesta i kommunen skal testast for koronavirus dersom dei har vore i utlandet. Dette gjeld sjølv om dei har vore i dei «grøne» landa.  Andre tilsette som har vore i «raude» land skal også testast.

Vidare viser Ålesund kommune til dei nasjonale  retningslinene for testing.

-Kommunen har opplevd auka press også på testtelefonen, seier Sommerdalen.

Alle som meiner dei bør eller skal testast, skal ringe  kommunen sin testtelefon 70 16 40 60 mellom kl. 08.00 og 15.00 måndag til fredag for å avtale testing.

Til toppen