Nytt møte i kommuneutval Haram

Nytt møte i kommuneutval Haram

Fredag den 23. september er det igjen klart for møte i Kommuneutval Haram. Møtestad er Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg.

Gruppe mennesker utenfor bygning - Klikk for stort bilete Ålesund kommune  

På saklista står mellom anna oppstart av arbeid med politisk styringsstruktur for Haram 2024.

Utvalet vil også få følgande orienteringar frå administrasjonen:

  • Økonomiske føresetnadar for kommunedeling - Lars Fylling, Økonomisjef Ålesund kommune og delprosjektleiar økonomi.
  • Kommunedeling – orientering om personalprosess og konsekvensar ved verksemdsoverdraging – Roar Reiten, HR-sjef Ålesund kommune og delprosjektleiar HR
  • Orientering om stoda i prosjekt Haram kommune 2024 – Petter Sortevik, prosjektleiar kommunedeling Haram kommune

Siste sak i dette møtet er tilsetting av prosjektleiar/kommunedirektør Haram 2024. Vi gjer merksam på at denne saka vil bli behandla for lukka dører.

 

Kommuneutval Haram er leia av Siv Katrin Ulla (Ap), fullstendig møteinformasjon finn du her.

Meir informasjon om prosessen som har vore og skal vere, står på samlesida om kommunedeling.

Til toppen