United Future Lab Norway, eller Framtidslaben blant vener, har partnarar som arbeider saman for å finne smarte og berekraftige løysingar på utfordringar. Målet er å bidra til å nå FNs berekraftsmål ved å gå frå ord til handling. Middelet som Framtidslaben bruker for å nå måla, er konkrete prosjekt.
I Framtidslabens nyheitsbrev kan du lese om kva som har skjedd, kva som skjer og kva som kjem til å skje.
Det første nyheitsbrevet kom i desember.
Ønsker du å motta nyheitsbrev frå Framtidslaben?
Nederst på nettsida unitedfuturelab.no/kontakt-oss finn du eit enkelt påmeldingsskjema.
Du finn meir informasjon om arbeidet til United Future Lab Norway på nettsida unitedfuturelab.no