Nye samarbeid, og nye moglegheiter for cruisehamna

Kva skjedde i siste kommunestyremøte før sommaren? Her kan du lese møteprotokollen, og sjå opptak frå møtet.

Forsamling sett frå sida - Klikk for stort bileteKommunestyret var samla i bystyresalen Christine Rørvik

Ålesund kommunestyre møttest i bystyresalen, med ei lang og variert saksliste.

Det skulle fattast endeleg vedtak om ei rekke samarbeid mellom dei nye kommunane Haram 2024 og Ålesund 2024, og mellom Ålesund og Sula i saka om reinseanlegg. 

På lista var: 

  • Interkommunal samarbeidsavtale om barnevernsvakt
  • Interkommunalt samarbeidsavtale om krisesenter
  • Nye interkommunale samarbeidsavtalar - legetenester
  • Ny vertskommuneavtale for brann- og redningstjenesten
  • Ny vertskommuneavtale Møre og Romsdal 110-sentral Ålesund KF
  • Vidareføring av medlemskap i Sunnmøre Friluftsråd Kommunalt oppgåvefellesskap

Det vart vedtatt å organisere reinseanlegg-samarbeidet mellom Ålesund og Sula som eit interkommunalt selskap med navn Kongshaugen IKS. Forslag til selskapsavtale blir lagt fram for kommunestyret for endeleg vedtak når det er klart.

Ikkje ny generalforsamling likevel

Eit fleirtal i formannskapet vedtok i sist møte at dei ønskte ei ekstraordinær generalforsamling i Sørsida Utvikling AS, for å få behandle nivået på styrehonorar, sidan dei ikkje fekk gjort dette i den ordinære generalforsamlinga 6. juni.

Eit mindretal bad om å få behandle saka om ny generalforsamling i kommunestyret. I møtet torsdag 22. juni kom kommunestyret fram til ein ny konklusjon, og det vert ikkje kalla inn til ekstraordinær generalforsamling likevel.

Kommunestyret vedtok følgande formulering samrøystes:

"Ålesund kommunestyre ber om at følgjande presisering blir sendt styret i SUAS:

1. Honorarsatser skal harmonere med andre styrehonorar som er gjeldande for Ålesund kommune.

Ålesund kommunestyre viser til vedtak i sak 049/22; Satsar for styrehonorar i kommunale selskap – justert framlegg :

«Selskap som vil få ei betydeleg endring i styrehonorar – opp eller ned – må gjere individuelle vurderingar i potensielle konsekvensar for drift og utvikling av ei slik justering. Ansvaret for ei slik vurdering ligg til styret det einskilde selskap.»

«Ved særleg avvik frå standardsatser i form av høgare satser (20% eller meir) i forhold til foreslåtte satsar vert dette grunngjeve i sak om styrehonorar i neste generalforsamling.»

2.Ålesund kommunestyre ber eigarskapsutvalet i god tid før neste generalforsamling innhente styret si vurdering og forslag til styrehonorar.

3.Eigarskapsutvalet gjer si vurdering av foreslåtte satsar og innstiller til kommunestyre.

4.Fastsetting av styrehonorar skjer i generalforsamling"

Skal sjå på alternativ for hamna

Eit anna vedtak i formannskapet som vart løfta vidare til kommunestyret var saka om moglegheitsstudie av flytting eller endring av cruisehamna. Her vart det også eit ganske annleis vedtak etter ny behandling i kommunestyret, og ein kom fram til at kommunestyret ønskte ei slik studie likevel.

I studien skal ein sjå på utvikling av Ålesund som cruisedestinasjon, langsiktig planlegging og forutsigbarheit av hamne - og byutvikling, og om det er lurt å utvikle Skansekaia Nord til å ta mot cruisebåtar.

Meir informasjon

I alt var det nesten førti saker oppe til behandling i møtet. Er det fleire vedtak du er nysgjerrig på? 

Møteprotokollen viser alle vedtaka, og kva forslag det vart røysta mellom.

I tillegg kan du sjå opptaket frå møtet på KommuneTV.