Ålesund rådhus
Torill Myren/Ekkoloddet
Leverandørane som har inngått avtale med innkjøpssamarbeidet er Tellu, Atea og Hepro. Alle er norske leverandørar, som leverer velferdsteknologi til ei mengde norske kommunar. 13 av dei 14 kommunane i samarbeidet deltek i desse rammeavtalane.
Avtalen gjeld fem kontraktsområde:
- Tryggheitsalarm (Tellu og Atea)
- Digitalt tilsyn (Tellu, Atea og Hepro)
- Lokaliseringsteknologi (Tellu, Atea)
- Medisineringsstøtte (Tellu)
- Kollegavarsling (Atea)
Kommunane har vald å legge opp avtalen slik at dei einskilde leverandørane leverer færre ulike produkt og derfor har fått meir konkrete oppgåver.
Samstundes vil denne avtalen i sum gje langt større utval i produkt, ved at ein har nytta fleire leverandørar. Slik kan kommunane gje eit betre og meir individualisert tilbod til brukarane av velferdsteknologien.
I avtalen er det lagt særleg vekt på kvalitet, informasjonssikkerheit og personvern, og leverandørens gjennomføringsevne. Pris var også viktig, men utgjorde ikkje meir enn 20% av evalueringsgrunnlaget.
Med gjennomføringsevne er det meint kor godt leverandørane kan bistå oss i implementeringsfasa og kor godt dei kan støtte oss i dagleg drift. Leverandørene skal støtte oss i å forstå og bruke løysingane gjennom demonstrasjonar, opplæring og undervisning.
Ålesund kommune har inngått samarbeid med Fagskolen Møre og Romsdal om å utvikle et utdanningstilbod innan velferdsteknologi. I den forbindelse vil det kunne bli aktuelt for leverandørene å bistå med utstyr også ved fagskolen, til bruk i undervisninga der.
“Velferdsteknologi er eit viktig utdannings- og satsingsområde for alle kommunane i innkjøpssamarbeidet. Rammeavtalane er med på å sikre kommunane sine behov både no, og i framtida.
I staden for å låse oss til ein enkelt leverandør sin produktportefølje, har vi valt å samarbeide med fleire leverandørar for kvart kontraktsområde. Dette gjer at vi kan tilby eit breiare spekter av teknologiske løysingar tilpassa dei ulike behova til våre innbyggarar.”
– Synnøve Vasstrand Synnes, kommunalsjef Helse.