Faktura for tilsyn vart sendt ut i veke 46 i november og gjeld for heile året. Betalingsfristen er 12. desember.
Fakturaen er fast og årleg for dei som har slike anlegg og gjeld sjølve tenesta med tilsyn. Det er altså ikkje betaling for eit konkret tilsyn. Når du får tilsyn, vil det allereie vere betalt gjennom denne faste, årlege rekninga.
Dei som får faktura for tilsyn med private anløpsanlegg etter kapittel tolv i Forureiningsforskrifta vil merke stor prisauke frå vel 600 kroner til 1200 kroner. Det er fordi Haram har gått ut av Ålesund. Haram hadde mange slike anlegg og då vart det mange anlegg å dele kostnaden på. No er det færre anlegg og færre å dele kostnaden på.
Lavare pris enn i gamle Ålesund
Prisen har auka, men fakturaen for 2024 som er på 1200 kroner er likevel lavare enn den var i 2019 i gamle Ålesund før ein slo saman kommunane. Eit stort fleirtal av utsende faktura gjeld tilsyn etter kapittel tolv.
Gebyr for tilsyn med private anlegg etter kapittel 13 er i 2024 på 6000 kroner, ein auke frå 3573 kroner.
Gebyret for tilsyn med oljeavskiljarar og feittutskiljarar er i 2024 på 1800 kroner mot 1600 kroner i fjor.
Meiner du det er feil på fakturaen, kan du lese meir om kva du skal gjere her.
Alt om prisar og gebyr finn du her.
Og meir om tilsyn finn du her.