Koronavirus

Siste nytt

Nye gatelys ved Lerstad barneskole

Det skal bli tryggare for dei som går, syklar og køyrer bil rundt Lerstad barneskole. Fylkeskommunen monterer ny belysning i overgangsfeltet og området ved parkeringa til Lerstad barneskole. Det vil vere noko gravearbeid, men det vil i utgangspunktet bli utført om kvelden eller natta.

ill. belysning Lerstad skole - Klikk for stort bildeHer skal lysmastene plasserast rundt skolen 

Som eit trafikktryggingstiltak på fylkesveg 534, arbeider Møre og Romsdal fylkeskommune med å montere nye lys i overgangsfeltet og i området ved parkeringa til Lerstad barneskole.

Dette krever ein del gravearbeid frå og med uke 46 (9. - 13. november) og 2 - 3 veker framover. Arbeidet vil i utgangspunktet bli utført på kvelds- og nattetid, med nokre unntak for mindre arbeid som blir gjort på dagtid.

Klikk for stort bildeKartutsnitt av området rundt Lerstad barneskole 

Til toppen