Ny pris for Kvasnes 

Ny pris for Kvasnes 

Prisen for reinseanlegg og overføringsanlegg til Kvasnes er no kvalitetssikra, og prosjektprisen på anlegget har auka med 700 millionar kroner. Rundt 200 millionar kroner av auken er på grunn av prisstigning. formannskapsmøte Kvasnes ny pris.jpg - Klikk for stort bilete 

Formannskapa i Sula og Ålesund fekk mandag føremiddag lagt fram rapporten frå Norconsult som har gått gjennom prisanslaga i forprosjektet. Politikarane i dei to kommunane sa i fjor ja til miljøprosjektet som skal gi reinare fjordar og sikre utvikling i regionen. Då vedtaket vart gjort, var prosjektkostnaden 1,1 milliardar kroner, men samtidig med at dei sa ja til den største miljøsatsinga i Ålesund-regionen nokon gong, sa dei også at dei ville ha ei kvalitetssikring av prisen.

I tråd med vedtaket vart dei nye, kvalitetssikra tala no lagt på bordet i eit felles formannskapsmøte der politikarane fekk lik og samtidig informasjon og sjansen til å stille konsulenten Norconsult spørsmål om den nye prosjektkostnaden som no er berekna til 1,8 milliardar kroner.    

Meir kunnskap og sikrare pris

Mesteparten av auken er knytt til at ein no har meir kunnskap fordi det er gjort meir detaljerte vurderingar og ein grundigare analyse av usikkerheitsmoment som kan påverke prosjektet. Prosjektet er ikkje utvida eller fått tillagt nye moment. 

To landsleiande konsulentfirma har sett på tala. Først Asplan Viak i forprosjektet og no har Norconsult som uavhengig firma gått nøyare inn i tala etter at politikarane i Ålesund ba om kvalitetssikring. Endringane som har kome fram er mykje likt det ein har erfart i andre prosessar for tilsvarande anlegg.

Ein så grundig kvalitetskontroll av eit forprosjekt som er her er gjort er ikkje vanleg i Sula kommune og Ålesund kommune, og prosjektleiar i «Blå – fjordar for framtida», Elin Nerem, seier ein no kan gå vidare med eit kostnadsbilde og budsjett som er betre og meir oppdatert mellom anna i forhold til dagens prisnivå enn det forprosjektet var for eit år sidan. 

Stor prisstigning

Marknad og prisstigning er mellom dei vesentlege usikkerheitsmomenta i prosjektet, og Norconsult har både teke utgangspunkt i indekstal frå Statistisk sentralbyrå og ekstraordinær prisstigning.

- Det betyr at den uvanleg store prisauken mellom anna på ein del byggemateriale er fanga opp i den nye rapporten.

I perioden frå april 2021 til april 2022 har prisen på prosjektet auka med 186 millionar kroner på grunn av prisstigning. Tek ein med dei siste månadene frå april til september, kan ein plusse på endå 43 millionar kroner. Til saman frå forprosjektet var ferdig og til no utgjer prisstigninga nesten 230 millionar kroner. 

Heile rapporten frå Norconsult kan du sjå her.

Auke også for vassbehandlingsanlegget

Det nye vassbehandlingsanlegget i Ålesund har vore gjennom den same kvalitetssikringa med grundigare vurderingar og usikkerheitsanalyse som overføringsanlegg og reinseanlegg på Kvasnes. Også dei nye tala for vassbehandlingsanlegget vart lagt fram for politikarane i Ålesund på møtet mandag. Då dei vedtok prosjektet i november i fjor, var prosjektkostnaden anslått til 504 millionar kroner. Etter kvalitetssikringa er ny prosjektkostnad anslått til 812 millionar kroner.

Til toppen