Siste nytt

Ny ordning for å søke bustønad

Husbanken har lansert ein ny ordning for å søke bustønad.

Husbankens nye sjølvbeteningsløysing «Min bustønad» blei rulla ut i byrjinga av februar, og er no i full bruk. Min bustønad er ei ny løysing som gir søkarar fleire og betre digitale tenester. Søkarar kan no:

  • Sjå alle nye vedtak
  • Enkelt endre alle opplysningar i søknaden
  • Få beskjed når dei må søke på nytt
  • Sjå alle saker under behandling
  • Sjå alle søknader og vedtak i eit eige arkiv

Den nye løysinga ligg på nettsida til Husbanken.

Treng du hjelp til bustad?

Her kan du lese meir om startlån og bustøtte.

Etter kommunesamanslåinga går alle søknader om bustønad gjennom kontoret til Ålesund kommunale eigedom, avdeling for utleige og stønad. Innbyggartorga vil framleis kunne rettleie alle som har spørsmål om når dei skal søke.

Det blir tilrådd at nye søkarar gjer seg kjend med den digitale løysinga. På sikt vil det ikkje lenger vere råd å søke på papir.

Til toppen