Siste nytt

Ny milepæl for Sørsida

Kommunestyret i Ålesund skal behandle ein revidert ramme- konsept og byggprogram for Sørsida av bysentrum.Sørsida montasje - Klikk for stort bileteSørsida  

I utgreiinga frå kommunedirektøren vert det lagt opp til eit vedtak i fire punkt.

Mellom anna vil Ålesund kommunale eigedom om å kartlegge kommunen sine behov i eit nytt stort fellesbygg på Sørsida. Kommunedirektøren ber også om mynde frå kommunestyret til å inngå intensjonsavtale med Møre og Romsdal fylkeskommune og Sørsida utvikling AS om kommunal deltaking i eit felles utviklingsprosjekt på Sørsida i Ålesund. 

Kommunen ønsker å avklare både Møre og Romsdal fylkeskommune og Sørsida Utvikling AS si rolle i Sørsidebygget. 

Vidare skal det vise til ulike alternativ for utbygging avhengig av kor mange funksjonar som vart lagt til Sørsidebygget. Kommunedirektøren foreslår òg at kommunestyret ber om at det også leggast fram eit forslag til etablering av nytt bibliotek. 

Vidare innstiller kommunedirektøren på at ein må vurderast både eit alternativ med Ålesund kommune som utbygger, samt med privat utbygging, der kommunen (og fylkeskommunen) vert leigetakar.

Alternativa skal vise til driftsmessige og økonomiske føresetnadar for dei ulike alternativa slik at kommunestyret med dette som bakgrunn kan gjere eit vedtak i 2021 om start av utbygging.  Rådmannen innstiller også på at Ålesund kommunestyre ber om at dei ulike fasane ved utbygging av Sørsidebygget blir innarbeida i økonomiplan for 2021-2024. 

Vil avklare framdrifta

Sørsida montasje - Klikk for stort bilete  Når kommunestyret no får Sørsidesaka til behandling, er det fordi ein ønsker at ein skal få dei avklaringane som trengst for å få framdrift i etablering av Sørsideskolen i tråd med tidlegare vedtak og kommunen sine behov. 
Sørsideskolen vert no omtalt som Sørsidebygget, fordi prosjektet no omhandlar eit kombinasjonsbygg og meir enn berre skule.

Det er fleire aktørar involverte i dette arbeidet. For å sikre framdrift i arbeidet, ønsker kommunen å gjere nødvendige avklaringar mellom Møre og Romsdal fylkeskommune,

Sørsida Utvikling AS og Ålesund kommune. Målet med denne saka er også å gi ei kortfatta oppsummering av den planlagde utbygginga av Sørsida, skriv kommunedirektør Astrid Eidsvik.

Redusert omfang?

 Etter at kommunen og fylkeskommunen har samarbeidd om prosjektet i fleire år og utarbeidd eit bygge-/rom-/funksjonsprogram, er det grunn til å tru at dette grunnlaget må endrast eller reduserast noko med fylkeskommunen sine endra behov for fasilitetar til vidaregåande skule. 

Samstundes har kommunen sitt behov for ny kulturskole berre auka, og i tillegg har det blitt politisk vedteke at eit mogleg nytt sentrumsbibliotek skal plasserast på Sørsida. 

Gjennom arbeidet med saka vil ein kunne avklare nye eller endra behov og med eit justert bygge-/rom-/funksjonsprogram, skriv kommunedirektøren.
Overordna målsetting for Sørsideplanen er mellom anna å sikre en berekraftig utvikling med fokus på høg kvalitet, nær kontakt med sjøen, Ålesund si historiske identitet og alternative transportløysningar. 

I samband med prosjektet «Sørsidebygget» er det utarbeida samfunns- og effektmål, samt resultatmål som prosjektet skal føre fram til. Ønsket er at bygget skal bidra til utvikling innanfor følgjande område: 

  • 1. Kultur 
  • 2. Kollektivtrafikk 
  • 3. Byutvikling 
  • 4. Energi og miljø 

Møre og Romsdal fylkeskommune si rolle i Sørsidebygget har endra seg frå å stå som utbygger til å vere positiv til at kommunen står som utbygger og fylkeskommunen står som leigetakar.

Det er vedteke at Ålesund kommune kan stå som utbygger av en Sørsideskole som skal innehalde vidaregåande skule, kulturskule og fasilitetar for Teatret Vårt. 

Ein ønsker òg å etablere nytt hovudbibliotek som ein del av, eller nært knytt til, sørsideskulen. Vedtaket blei gjort med atterhald om at Møre og Romsdal fylkeskommune og Teatret Vårt forpliktar seg til ein langsiktig leigeavtale med Ålesund kommune. 

Selskapet Sørsida Utvikling AS  er no i ein prosess med å engasjere ein dagleg leiar for å sette seg i posisjon til å starte naudsynte aktivitetar kring realiseringa av sørsideplanen. Derfor er det viktig at politikarane i Ålesund nå gjer dei naudsynte grepa for å legge til rette for prosjektet, skriv kommunedirektøren.

Økonomiske konsekvensar

foto Astrid Eidsvik - Klikk for stort bileteAstrid Eidsvik Eidsvik meiner at det må settast av midlar til å kunne gjere naudsynte vurderingar for Sørsidebygget, og ein tilrår at det allereie i 2021 blir satt av midlar for å kunne gjere dette arbeidet.  

Midlane i gjeldande økonomiplan inneheld ikkje pengar nytt bibliotek. Dersom biblioteket og eventuelt andre funksjonar skal innarbeidast i Sørsidebygget, må det òg innarbeidast i komande økonomiplan. Saka vil bidra til å greie nærare ut rammer for dette, skriv kommunedirektøren i saksutgreiinga.
 

Til toppen