Ny giv for framtidslaben

Ny giv for framtidslaben

No bygges det ei felles satsing rundt Framtidslaben og The North West, som samlar fleire nye stillingar og initiativ.

Illustrasjonsbilde fra samling på framtidslaben våren 2023.JPG - Klikk for stort bileteBilde fra samling på Framtidslaben 7. mars 2023

- Saman skal vi no utløyse endå meir berekraftig utvikling av samfunn og næringsliv. Totalt skal det lyses ut fire stillingar. Framtidslaben og The North West samlast i ei eining med ein dagleg leiar og ein prosjektleiar for The North West. I tillegg blir vi integrert tett med berekraftsstillingar som snart blir lyste ut av Statsforvaltaren og NHO, KS, LO. Slik skaper vi derfor no ein endå meir open og inkluderande infrastruktur for samarbeid, fortel assisterande kommunedirektør Anne Mette Liavaag.

Tysdag 7. mars vart lokala til framtidslaben på NMK full av liv og gode samtalar. Eksisterande og nye partnarar fekk introdusert den føreslått nye organiseringa, delt erfaringar og saman sett på korleis satse det neste halvåret. 

- Satsinga framover vidareutviklar partnarskapet som allereie finst, og opnar opp for alle som er klare for å gå frå å snakke om berekraft, til å handle! Ny organisering skal sikre ein meir robust struktur som legg til rette for det samarbeidet som er nødvendig for å lykkes med å skape et meir berekraftig samfunn. Satsinga framover vil ta for seg ulike tematikkar med lokal forankring. 

Vidare fortel Liavaag at det er lagt eit godt fundament som det no blir bygd vidare på. 

- Vi har fått til mykje og lært mykje, no tek vi neste steg for ein berekraftig region.

Til toppen