Ny gateterminal på Moa opnar 27. februar

No skjer eit viktig løft for kollektivtrafikken i Ålesund. Ei rekkje bussruter får ei meir effektiv passering forbi Moa med gatestopp i Borgundvegen. Korting av reisetida mellom sentrum og nokre av dei indre bydelane er eit framtidsretta tiltak for ei kommune i vekst. Velkommen til opning med snorklipping!

Lang gate med buss.  - Klikk for stort bileteNytt gatestopp på Moa gjer at bussen sparar tid. Kåre Rolandsen

- Å kutte reisetida med buss er eit viktig tiltak for å få fleire til å bruke kollektiv transport, seier rådgivar i FRAM, Inge Rønstad. – Gateterminal på Moa er berre eitt av fleire punkt langs vegen kor vi jobbar med løysingar for å korte reisetida. 

Busslinje 1, 2, 12 og 21 skal frå måndag 27. februar ha stoppestad i Borgundvegen på Moa. Dei køyrer ikkje innom sjølve terminalområdet noko som sparar tid for bussen, og er viktig for ein by som skal utvikle seg og der folketalet er på veg opp. Det blir ein haldeplass på kvar side av vegen. Namna på haldeplassane er Gatestopp Moa syd og Gatestopp Moa nord, oppkalla etter kjøpesentra dei ligg imellom. 

Del av Bypakke Ålesund

Prosjektet er ein del av Bypakke Ålesund, som har som ei av sine sentrale oppgåver å utvikle framtidsretta kollektivtilbod. Tore Johan Øvstebø er leiar i styringsgruppa til bypakken, og han er klar på at kommunen må fortsette å vere ein god by for alle, også i framtida. 

- Ålesund er ein by i vekst. Om 20 år vil innbyggartalet ha auka med fleire tusen i forhold til i dag, opplyser han.

- Kollektivtilbodet må prioriterast og styrkast i Bypakke Ålesund, saman med vegutbygging og betre tilrettelegging for gåande og syklande. 

Offisiell opning 27. februar kl 12.00

Måndag 27. februar blir første dag med nytt opplegg for buss på Moa. Tore Johan Øvstebø får æra av å klippe snora til den nye gateterminalen kl. 12.00. Bussane startar imidlertid opp med sine nye ruter frå morgonen av måndag 27. februar. 

Dei tre partnarane i Bypakke Ålesund; Møre og Romsdal Fylkeskommune med FRAM, Statens Vegvesen og Ålesund kommune er til stades på hendinga og deler ut sjokolade og giveaways til dei frammøtte. Alle er hjarteleg velkommen!

Endringar i rutetider

Det blir nokre endringar i rutetider når bussane kjem seg fram raskare, men det er og verdt å merke seg at linje 2 køyrer innom Campus Ålesund på alle avgangar. Det blir også gjort endringar i langdistanseruter som til dømes frå Langevåg, slik at det blir nok tid til å gå dei 200 meterane frå terminalområdet til stoppa langs Borgundvegen. Langdistanseruter kjem framleis til å ha stopp inne på terminalområdet.

Ny snuplass ved Slinningen

- I haust blei det gjort tiltak på Hessa slik at det går fortare for bussane å snu ved Slinningen, fortel Rønstad. – Dette påverker også rutetidene, og endringar trer i kraft frå måndag 27. februar også frå Slinningen og Sævollen. 

Nøgd med resultatet

Gateterminalen er ein del av Bypakke Ålesund, og det er Statens Vegvesen som har leia prosjektet med å bygge dei nye busslommene. 

- Vi er særs nøgde med det nye gatestoppet. Bygginga har gått etter planen, med stor forståing frå publikum og naboar. Vasto Anlegg AS har vore hovudentreprenør, og dei overleverte prosjektet til oss i rett tid, seier byggeleiar Kåre Rolandsen i Statens vegvesen.

Fine fasilitetar inkludert mobilladar

Busstoppen er påkosta, med natursteinsbelegg, store overbygde leskur og overbygd sykkelparkering med eiga sykkelpumpe. Det er også tilrettelagt for å lade mobiltelefon. Store tavler skal gi informasjon om når neste buss kjem i sanntid. Utanfor leskura er der også laga rikeleg med sitjeplassar.

- Vi vonar at folk finn seg til rette, og tar vare på det som er bygd. Gatestoppen har som mål å auke kollektivandelen, og vi har trua på at dette blir ein attraktiv stad for folk som er ute og reiser, seier Rolandsen.