Varaordførar Vebjørn Krogsæter og ordførar Eva Vinje Aurdal
Ålesund kommune
Dei nordiske vennskapsbyane har ein lang tradisjon med utvekslingsbesøk hos kvarandre. Samarbeidet med vennskapsbyane blei stifta i 1948 etter andre verdskrig. I 2014 var det ein stor vennskapsbykonferanse i Ålesund, og seinare har ordførarane vore ein gong på besøk.
- Samarbeidet med vennskapsbyane blei stifta i 1948 etter andre verdskrig. Så det er ein lang tradisjon som er viktig å halde i hevd. Strategien for samarbeidet per no er med fokus på FN sine berekraftsmål, og vi har mykje å lære av kvarandre. Det er ekstra kjekt å kunne invitere til Ålesund under The North West. Her vil dei få sjå tydeleg korleis vi jobbar ut i frå målsetningane, og det blir kjekt dei får bidra sjølve på paneldebatten om nordisk beredskapstankegang, seier ordførar Eva Vinje Aurdal som står bak invitasjonen.
Korleis tenkjer vi om beredskap?
The North West skjer samtidig som besøk frå vennskapsbyane og under TNW vil ein ha med tema som er aktuelle i tida. Utfordringane med sikkerheitssituasjonen i Europa og krigen i Ukraina, samt diskusjonen kring svensk og finsk medlemsskap i NATO er tema som er verkeleg aktuelle, og det blir spanande å sjå dette i eit skandinavisk perspektiv.
- Deltakarane skal bli med på ein paneldebatt om den nordiske beredskapstankegangen. I eit nordisk perspektiv har vi mykje til felles, men no skjer det endringar. Når det gjeld å forebygge krig og konflikt, utfordringar innan kommunal sektor kring beredskap og infrastruktur. Det er forskjelleg organisert frå land til land, og det blir spanande å diskutere kva som er likt og kva som er ulikt. Og ikkje minst, korleis det påverkar planar og dialogen mellom menneske i dei ulike landa, seier varaordførar Vebjørn Krogsæter.
Det er mykje ein kan lære av kvarandre, og det er nettopp det desse dagane skal nyttast til:
- Eg har opplevd at vi har mykje til felles i Norden, men innanfor tematikken beredskap og sikkerheit er vi nok meir ulike enn vi har tenkt over før. Dei er spennande dei kulturmøta der vi har ei oppleving av å ha mykje felles, men så er vi ulike. Å møte dei med annan tilnærming til eit problem enn oss er spennande og lærerikt, seier Vebjørn.
Viktig med erfaringsdeling
Felles for heile besøket er at erfaringsdeling ligg til grunn for samarbeidet. Undervegs i programmet for besøket skal deltakarane formidle kva som skjer i eigen kommune akkurat no innanfor ulike tema, og korleis ein jobbar med desse.
- Under samlinga er målet å sjå på korleis vi alle tenker kring fleire tema. Er vi forskjellige? Og om vi er det, korleis utnyttar vi dei forskjellane som er? Vi kan sitte med ulike perspektiv på det same verdsbildet, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.
Ein smak av Ålesund og regionen
Ein viktig del av besøket er å få innsikt i kva regionen har å by på, av både aktivitetar, lokalt næringsliv med meir. I tillegg til å vere aktive under The North West skal deltakarane mellom anna få vite meir om turisme, bli med på båttur med bankskøyta, besøke Atlanterhavsparken og smake på lokal mat. Det blir og besøk på Norsk Maritimt Kompetansesenter med omvising og presentasjon av bygget og av klyngesamarbeid, framtidslaben, prosjekta for Ålesund Smart City, Newton rommet og Sørsida. Deltakarane skal også besøke Aggregat kunstnarfellesskap og Da Vinci-rommet.
Vennskapsbysamarbeid for ungdom
Kvar sommar blir ungdom mellom 16-20 år invitert til å delta på NOVU – ei spennande ferieveke med mykje kreativitet, samhandling og nye venner. NOVU blir arrangert i sommarferien til skulane. NOVU er ei nordisk vennskapsbyveke for ungdom med historie så langt tilbake som i 1947. Akureyri på Island, Västerås i Sverige, Randers i Danmark, Lahti i Finland og Ålesund har på omgang hatt ansvaret for eit arrangement der ungdom frå vennskapsbyane får innblikk i praktisk nordisk samarbeid basert på aktiv deltaking i kulturelle ungdomsaktivitetar. Ein er no i gong med å velje ut i frå søknadar kven som skal vere Ålesund sine representantar til Akureyri i juni 2023. Tema for årets NOVU samling er «Can culture bring us closer together?»