Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 alle dagar. 

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

 

Siste nytt

Nokre skattesetlar er feil

I samband med kommunesamanslåinga og konvertering av eigedomsskatt til eitt system, har det dessverre oppstått konverteringsfeil. Dette har ført til at nokre av skattesetlane som er sendt ut i tidlegare Skodje og tidlegare Sandøy kommune, er feil.

Skodje kommune

Dei som har fått berekna eigedomsskatten sin ut ifrå bustadverdien (formuesgrunnlaget) frå Skatteetaten, har fått ein skattesetel som viser feil beløp, eit beløp som er for lavt.
Bustadverdien frå Skatteetaten har først blitt redusert med 20 %, og deretter med 30%. Opphavleg bustadverdi skal berre reduserast ein gong, og det med 30 %.
Dette er no justert og ny skattesetel viser rett skattegrunnlag og eigedomsskatt.

Sandøy kommune

Dei som har kommunalt takserte eigedommar, og som har fått auke i eigedomsskatten frå i fjor, har sannsynlegvis ikkje fått frådrag for indre og ytre faktor (IF og YF). Dei har difor fått ein skattesetel som viser for høgt skattegrunnlag og for høg eigedomsskatt.
Dette er no justert og ny skattesetel viser rett skattegrunnlag og eigedomsskatt. Reduksjon for IF og YF er tatt inn i reduksjonen.
Du som mottar ny skattesetel, får ny utvida klagefrist fram til 24.04.20.
Det vil også bli laga nye skattelister (permar som ligg ute på innbyggartorga) og lister til kommunen si heimeside. Dette blir gjort så snart som mogleg.

Du kan sjå skattelista elektronisk og i perm

Innhaldet i pdf-fila er retta for eigedomar i tidlegare Skodje og Sandøy kommune. Sidene frå 565 - 684 er erstatta med nye sider. Det er ikkje endringar for eigedomar i tidlegare Ålesund kommune, og sidene frå 1-564 er uendra.
Les skattelista elektronisk

Les skattelista i perm hos innbyggartorga eller biblioteket på Moa

  • Innbyggartorget i Ålesund mandag - fredag kl. 09.00-15.30.
  • Innbyggartorget på Skodje mandag-fredag kl. 09.00-14.30.
  • Innbyggartorget i Brattvåg mandag-fredag kl. 09.00-14.30.
  • Innbyggartorget på Steinshamn mandag-fredag kl. 09.00-14.30.
  • Innbyggartorget på Sjøholt mandag-fredag kl. 09.00-14.30.
  • Moa bibliotek mandag -torsdag kl. 10.00-18.00, fredag kl. 10.00-16.00 og laurdag kl. 10.00-15.00.
Til toppen