Anne Britt Gran og Kathrine Synnes Finnskog
Privat
Puls er eit prosjekt der det vert halde ei møterekke for, av og med kunst – og kulturlivet i Ålesund kommune, og samlingane er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, Re-Value prosjektet i Ålesund kommune og Sørsida Utvikling AS.
-Det er kanskje viktigare no enn nokon sinne å tydeleggjer kor viktig kunst og kultur er, og det er viktig med politisk vilje til å ivareta og bli med på utviklinga av kunst og kultur i heile regionen. Vi har allereie eit rikt kunst - og kultur liv, og dette skal vi ikkje ta for gitt, seier rådgivar i kulturavdelinga Lin Marie Norberg Jacobsen.
Det første av fem samlingar har temaet: Kulturnæring- Korleis bygge ei økonomisk stabil kulturnæring, og samlinga som blir haldt i 6. etasje på Pir mellom 12.00 og 16.00 med André Ulveseter som moderator.
Foredragshaldarar frå BI og Momentium.
Det vert først ein felles lunsj servert av Dampsentralen, før ein går over til faglege innspel frå to ulike perspektiv. Først ut er Anne-Britt Gran som er professor i kulturpolitikk og kulturanalyse ved Handelshøgskulen BI. Her har ho vore med å bygge opp bachelorprogrammet i Creativ Industries. Tidlegare har Gran vore tilknytt både UiO, NTNU, Universitetet i Århus og Norsk kulturråd.
Ho har ein brei forskingsinteresse innan digitalisering, arts in business, teater og teaterhistorie, kulturpolitikk og kultursponsing.
Så skal leiaren for utvikling og strategi hos Momentium, Kathrine Synnes Finnskog tale. Ei av henna første oppgåve i Momentium er å revitalisere Løvenvold Theater. Før ho begynte i jobben i Momentium jobba ho som direktør i Music Norway, som ho bidrog til å etablere på oppdrag frå Kulturdepartementet og ho hadde eit tett samarbeid med Utanriksdepartementet.
-Det er utruleg kjekt å få være med på den første samlinga i det som blir ei rekke av interessante samtalar som skal utviklast i månadane framover. Den kulturelle næringa er noko eg brenn veldig for, seier Kathrine Synnes Finnskog.
Kathrine har og tatt initiativ til fleire nettverk innan kulturfeltet, og ho er i dag styreleiar i musikkakademiet Limpi på Lillehammer og sit i styret i by:Larm.
Samlinga på tysdag er allereie full og det begynne å fylle seg opp på dei resterande fire samlingane.
Meld deg på