Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Vi anbefaler samtidig til bruk av munnbind klarer du ikkje halde meteren og maks 10 i eigen heim. Vi har samla alt du treng å vite om koronasituasjonen i kommunen vår. På samlesida finn du oppdaterte smittetal, korleis du bestiller koronatest og påmelding til vaksinering.

Alt om korona | Information about corona in other languages

Siste nytt

No startar massevaksineringa ved SMB Arena

Onsdag 5. mai starter Ålesund kommune med massevaksinering der 786 personar skal vaksinerast ved Sparebanken Møre Arena. Onsdag 5. mai skal også 282 personar vaksinerast ved Gomerhuset på Skodje.Massevaksineringa på SMB Arena startar onsdag.  - Klikk for stort bileteMassevaksineringa på SMB Arena startar onsdag.    

Viktig å hugse når du kjem til vaksinering ved SBM Arena:

  • Kom så nær oppsett time som mogleg. 
  • Kjem du lenge før tida, må du sitte i eigen bil til fem minutt før timen din. 
  • Når du kjem køyrande i eigen bil, blir du vist til parkeringsplass av parkeringsvakter.
  • Når du kjem til SMB Arena går du inn gjennom teltet som står inngang på.
  • Du må registrere deg når du kjem inn i hallen før du blir du vist til plassen din.
  • Du må sitte mist 20 minutt etter at du har fått vaksinen.
  • Er du i risikogruppa for å få reaksjon på vaksinen, skal du sitte ein halv time eller time.
  • Raude Kross er til stades, og har eit skjerma område for dei som treng å legge seg ned. 
  • Det er lege til stades i hallen.
  • Når tida er ute, skal du forlate hallen ved merka utgang utan å stoppe for å prate med vener eller naboar du treff.

Vaksinering i veke 19 Når du kjem til Sparebanken Møre Arena blir du registrert og vist til eigen plass.  - Klikk for stort bileteNår du kjem til Sparebanken Møre Arena blir du registrert og vist til eigen plass.  

  • I veke 19 får Ålesund kommune til saman 1992 doser med vaksine. 624 doser skal settast ved Sparebanken Møre Arena i Ålesund onsdag 12. mai. 
  • 282 doser skal settast ved Gomerhuset på Skodje onsdag 12.mai.
  • Dei resterande er i hovudsak dose 2.  
  • Dosane vert tilbydd innbyggarar i prioriteringsgruppene 5-6-7 etter lister frå fastlegane. 

Dei som får tilbod denne veka vil få SMS. Det er viktig at dei som ynskjer vaksine nyttar lenka i SMSèn til å bestille time til vaksinering.

Dersom du ikkje kan møte til timen du har bestilt, må du sende e-post til: massevaksinering@alesund.kommune.no

Hugs namn, telefonnummer og fødselsdag. Då vil du få tilbod om time seinare.      

Andre vaksineringsdose for dei som har fått AstraZeneca vaksine

Ålesund kommune skal òg starte med å gi dose nummer to til dei som fekk AstraZeneca-vaksine. Alle desse får tilbod om MRNA vaksine – anten frå Pfizer BioNTech eller Moderna.  Dei vil få ny time til  dose to ca. 12 veker etter første dose.  Dei som fekk dose i veke 8 har i dag fått melding om ny time 18. mai.  De nye timen er på Sparebanken Møre Arena. Totalt 1400 personar har fått AstraZeneca. Vaksinen vart fordelt mellom helsepersonell og personar i risikogruppe 5. 

Meir informasjon: Vaksinering - Ålesund kommune (alesund.kommune.no)
 

Til toppen