Vi varslar no oppstart av planarbeidet og høyring av forslag til planprogram for ny arealplan for Ålesund kommune. I samband med det opnar vi for innspel frå innbyggarar og andre interessentar. Frist for å kome med uttale er 15. april 2025.
I høyringsperioden kan dei som ynskjer kome med innspel til ny eller endra arealbruk, knytt til arealformål som for eksempel bustad, næring, grønstruktur, fritidsbusetnad, friområde mm. Planprogrammet er «oppskrifta» til prosessen og skal omtale kva vi skal gjere og korleis vi skal gjere det – kva tema vi skal fokusere på, kva vi treng å greie ut, korleis medverknad skal skje og kva vi må ta omsyn til i arbeidet. Dette er det også mogleg å gi merknad til i høyringsperioda.
På nettsida vår finn du digital løysing for å sende innspel/ merknad og informasjon om kva som skjer med innspela:
Medverknad - Ålesund kommune
Det er også mogleg å sende innspel/merknad som brev til: Ålesund kommune, Plan og bygning, Postboks 1521, 6025 Ålesund.
Vidare framdrift og medverknad
Revisjon av arealdelen er eit omfattande arbeid som vil gå over fleire år. Det er sett opp ein optimistisk framdriftsplan som tek sikte på ferdigstilling fram mot 2028.
Det vil vere fleire anledningar til å medverke gjennom prosessen. I planprogrammet er det skissert 3 fasar av medverknad. Vi er no i fase 1:
Fase 1: Ved varsel om oppstart og høyring av planprogrammet. Innbyggarar og interessentar kan kome med innspel om ny/ endra arealbruk og merknad til planprogrammet.
Fase 2: Ved utarbeiding av planforslag. Dette er perioden mellom fase 1 og 1. gongs behandling i planutvalet. I denne perioden legg vi opp til breiare medverknad gjennom møte/ dialog med innbyggarar, næringsliv osv. Vi har ikkje spikra dette opplegget enno. Vidare informasjon kjem etter kvart på heimesida og i andre kanalar.
Fase 3: Offentleg høyring av planforslag. Etter 1. gongs behandling i planutvalet. Eit gjennomarbeidd planforslag blir lagt ut til høyring og innbyggarar og interessentar kan i den kome men merknad til det som er foreslått. Dette har vi førebels sikta inn mot vår/sommar 2026.
Kort om kommuneplanen sin arealdel
Kommuneplanen sin arealdel utgjer saman med kommuneplanen sin samfunnsdel Kommuneplanen- kommunen sitt øvste styringsdokument.
Samfunnsdelen angir mål og strategiar for den langsiktige utviklinga av kommunen og kommunale tenester. Arealdelen skal vise den langsiktige utviklinga gjennom arealbruken i kommunen. Arealdelen er juridisk bindande og er eit sentralt verktøy for å nå måla i samfunnsdelen.
Arealdelen viser korleis vi skal disponere areala for å nå ønska utvikling. Den seier til dømes noko om kvar det skal vere bustader og kor tett vi skal byggje, kvar vi vil ha offentlege bygg og tenesteyting, kvar ulike typar næringsverksemd kan etablerast, kvar vi skal ha sykkelvegar og grøntområde, kva vi skal verne og kva vi kan utvikle. Den skal gi rammer, vilkår og føresegner knytt til arealbruk og seie kva omsyn som må varetakast ved disponering av areala.
Kvifor skal vi revidere
Ålesund sin arealdel består i dag av fire separate planar frå kommunedelane Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Desse skal no samlast til ein felles plan som ser heile kommunen under eitt. Gjennom revisjonen vil vi gjere endringar for å tilpasse planen til nye krav og standardar, og for å styre utviklinga i ønska retning med omsyn til utfordrings- og utviklingstrekk som går fram av kommunen sin samfunnsdel.
Hovudmåla med revisjonen av kommuneplanen sin arealdel kan oppsummerast i tre punkt:
- Utarbeide ein felles arealplan med samla plankart, føresegner og planomtale for heile Ålesund kommune
- Konkretisere og implementere strategiar frå Regional plan for areal, klima og transport (PAKT)
- Oppdatere arealplanen ut frå ny kunnskap, erfaringar og endringar i lovverk og overordna føringar
I utarbeiding av ny arealplan legg vi mål og strategiar frå kommunen sin samfunnsplan til grunn. I tillegg må vi ta omsyn til føringar og retningslinjer frå nasjonalt og regionalt hald. Vi legg også stor vekt på regional plan for areal, klima og transport - PAKT som kunnskapsgrunnlag i arbeidet.
I PAKT er det definert ei rekke strategiar for utvikling av regionen, inkludert Ålesund kommune. Ein del av desse er arealstrategiar og skal innarbeidast i ny arealplan. Samstundes skal vi ta omsyn til at Ålesund kommune har stor breidde; geografisk, befolknings- og næringsmessig, og at planen må tilpassast dei ulike behova dette gir grunnlag for.
For meir informasjon, sjå kommunen si nettside:
Ålesund mot 2040 - Ålesund kommune