Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

No skal sommarbyen Ålesund bli rein! 

Oddvar Kongsvik og Monica Molvær. - Klikk for stort bildeOddvar Kongsvik og Monica Molvær. Ålesund kommune Bypatrulje som ryddar i sentrum, dagleg tømming av søppelbøtter og lengre opningstider på offentlege toalett! Ålesund skal bli ein endå betre sommarby å besøke, og ein reinare ein.  

Ålesund kommune har fått med seg diskusjonane om eit rotete sentrum og gjer no ein rekke strakstiltak for å skape ein betre og reinare sommarby. 

Bypatrulje som skal rydde gatene! 


Allereie laurdag 11. juli startar den nyoppretta Bypatrulja og ryddar  gatene dagleg for rusk og rask som har føke utover. Bypatruljen er oppretta i samarbeid med Ålesund Sentrumsforening og er gjort mogleg  gjennom tiltak frå NAV, og eksisterande krefter frå kommunen. Dette skal bidra til å halde Ålesund sentrum reint! 

-  Bypatruljen skal ta vare på byen og halde den rein. Vi vil óg jobbe tett saman med handelsnæringa og med Byvertane til Ålesund parkering, seier leiar i Ålesund Sentrumsforening, Monica Molvær. 

Det skal vere to team som dagleg ryddar ulike soner i sentrum, óg på Fjellstua.


-  Det er viktig at vi tar vare på byen vår, og vi må vise den fram på sitt aller beste, både for alle som bur her til vanleg, og for dei som kjem på besøk. Vi ble litt tatt på senga av alle dei norske turistane som er komne  hit allereie. Det er veldig kjekt å sjå at det yrer av liv i gatene igjen, seier sentrumsleiaren.  

Avfallsdunkar blir tømt dagleg! 

Eit anna effektivt tiltak, er at  dei kommunale avfallsdunkane i sentrum blir tømt dagleg. Dette vil bidra til færre fulle dunkar og at fuglane forhåpentlegvis ikkje  kunne dra avfallet meir utover. Ålesund kommune vil jobbe for enda betre og kanskje til og med smartare avfallsdunkar til neste års turistsesong. 

Auka tømmefrekvens på friområda 

I sommar vil fleire vere heime og mange vil dra på noregsferie. Det er viktig at vi tar vare på alle friområda i kommunen. Søppeldunkane tømmast kvar einaste dag når det er finevêr, også i helgane, og litt sjeldnare når vêret ikkje er med oss.  

- Vi gjer dette for å skape ein god sommar for våre eigne innbyggarar som bruker friområda, og for besøkande. Vi bur i eit fantastisk område, og det er kjekt å sjå at så mange bruker naturen, seier verksemdsleiar for veg, grønt og anlegg, Oddvar Kongsvik.

Ei lita oppmodning vil han  likevel kome med: Er avfallsdunken full på friområdet, er det fint om du tar med avfallet heim. Avfall på avveie i naturen vil skape unødig forureining og både fuglar og rotter kan bidra til å dra avfallet  utover. 

Betre opningstider for offentlege toalett

I turistseongen er det auka behov for tilgang til offentlege toalett, ikkje minst for båtfolket langs Skansekaia og Brosundet. Ålesund kommune ønsker å legge til rette for tiltrengte dobesøk og forlengar  opningstidene for  toalettet ved Paviljongen i Ålesund sentrum. 

- Det har kome mange båtgjester og besøkande i byen, så vi har eit stort behov for fleire offentlege toalett. Kommunen opnar no opp toalettet på Paviljongen frå 08.00-23.00, i tillegg til søndagsopning av toaletta i Korsatunnelen. Dei offentlege toaletta under Kremmergaarden blir gjenopna denne sesongen. Dei er tilgjengeleg gjennom ein inngang mot Korsegata, og opningstidene blir kvardagar frå 09.00-19.00, og laurdag og søndag frå 10.00-18.00.   Dette blir ein kraftig auke i opningstidene, og det blir flott for byens besøkande og innbyggarane, seier Monica Molvær i Ålesund sentrumsforening.  

Dei offentlege toaletta får auka reinhald og ettersyn, slik at alle smitteomsyn med hensyn til korona blir  tatt hand om. 

Slik blir opningstidene på dei offentlege toaletta frå 11. juli: 


Paviljongen toalett: 
Alle dagar: 08.00-23.00 

Kremmergaarden toalett: 
Kvardagar: 09.00-19.00
Laurdag og søndag: 10.00-18.00. 
 
Korsatunnelen toalett: 
Måndag – fredag: 06:00-19:45
Laurdag: 06:00-17:45
Søndag: 08:00-23:00. 

-  Ålesund skal vere ein attraktiv by for besøkande - og reinhald, auka tømmefrekvens på avfall og tilgang på offentlege toalett er viktig for dei som kjem til byen. Ålesund skal vise seg frå si beste side, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

God sommar frå kommunen din! 
 

Til toppen