Koordinator Mariann Bjørkavoll Lervåg og prosjektmedarbeidar Trine Smoor Isaksen
Randi K Emblem
Tysdag 10.10 kl.10.00 har Verkstad da Vinci høgtideleg opning av rommet for innbydde gjestar, der mellom anna ordførar Eva Vinje Aurdal, stortingspolitikar Åse Kristin Ask Bakke og kultursjef Oskar Skulstad kastar glans over hendinga. Det vert sjølvsagt også kulturelle bidrag frå kunstnarane som skal arbeide i rommet.
Byggeprosessen i lokalet i Torghallen i Ålesund sentrum, starta 9. august, og rommet har på berre få månader blitt forvandla frå tom lagerplass til eit bruksvenleg rom for tverrfagleg kunstundervisning. Her er det eiga scene med sceneteppe, gode arbeidsbenkar, maleutstyr, dansematter, eige leseområde og alt man treng for å kunne utfalde seg kreativt! Rommet er teikna av arkitekt Olaug Brunstad, og har blitt måla i flotte fargar frå biletkunstnar Bent Erik Myrvoll sitt eige fargelaboratorium.
For å bli ferdig til opningsdagen har det vore lagt ned eit formidabelt dugnadsarbeid der både kunstnarar og tilsette i Ålesund kommune har bidratt.
Verkstad da Vinci er eit samarbeid mellom Ålesund kommune og Aggregat Kunstnerfellesskap og det er sistnemnde som leiar sjølve byggeprosessen av rommet, med midlar i frå Kulturdirektoratet, Kulturrom, Sparebanken Vest og Stiftinga Kjell Holm.
«- Vi er glade for at både nasjonale og lokale aktørar bidreg til å opprette dette viktige rommet. Det har vore ein lang planleggingsperiode og vi gler oss til å kunne syne fram alt vi har jobba for dei siste åra.» fortel Trine Smoor Isaksen, dagleg leiar Aggregat.
Frå pilot til fast drift
Ålesund kommune har i samarbeid med Aggregat kunstnarfellesskap i perioden august 2021 til desember 2022 gjennomført pilotprosjektet Verkstad da Vinci, eit program for å styrke den kreative muskelen og dei estetiske læringsprosessane i grunnskulen. I 2023 vart det overgang frå pilot til drift, og kommunen driftar no prosjektet i samarbeid med Aggregat kunstnarfellesskap og med Møre og Romsdal fylkeskommune og Sparebanken Møre som viktige støttespelarar.
Biletkunstnar Bent Erik Myrvoll blandar maling frå eit historisk kromoksyd pigment
Trine S Isaksen
I løpet av neste skuleår skal altså alle dei om lag 800 femteklassingane i Ålesund kommune få komme på besøk til «Da Vinci-rommet». Her skal dei få treffe profesjonelle kunstnarar som skal jobbe saman med klassa i ulike kunstnariske prosessar.
17. oktober kjem den første skulen på besøk til rommet og får treffe biletkunstnaren Silvia Ilona Klatt og dansaren Tonje Aas Molnes.
«- Vi gleder oss til opninga av rommet og spesielt over at elevane endeleg kjem og skal fylle rommet med kreativitet og skaparglede! Kombinasjonen av at elevane både skal få sjå og oppleve kunstnarar i aksjon, samtidig som dei får skape og uttrykke noko sjølv, trur eg er avgjerande for ein lærerik og kjekk dag hos oss,» seier Mariann Bjørkavoll Lervåg, ho er koordinator for Verkstad da Vinci.