Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Siste nytt

No kjem ny faktura for kommunale avgifter og eigedomsskatt

Klikk for stort bildeI slutten av mai får alle innbyggarane i Ålesund ny rekning for betaling av vatn og avløp, renovasjon, slam og feiing. Nokre får òg faktura for betaling av eigedomsskatt, og gjelder bare tidligare Sandøy, Skodje og Ålesund.

Fakturaen du no får frå kommunen er ikkje slik du er vant til. På grunn av feil i utrekning av vass- og avløpsgebyr i april, vart det bestemt at fakturaen skulle trekkast tilbake medan ein rekna ut nye korrekte takstar.

Kommunestyret vedtok eit revidert betalingsregulativ for vatn og avløp 7. mai 2020. Det var ikkje mogleg å endre forskrifta om vass- og avløpsgebyr ved behandlinga no, men politikarane har varsla at dei ynskjer ei endring i forskrifta til hausten, med verknad frå neste år.

Sjå eiga samleside for kommunale avgifter. 

Frå fire fakturaer til tre i 2020

Normalt ville du fått fire rekningar frå kommunen i løpet av eitt år.  I 2020 kjem det berre tre rekningar. Men det samla beløpet du skal betale inn,  er det same som før.

Det betyr at kvar av dei tre fakturaene blir litt høgare, enn om du skulle betale gebyra over fire terminar.

Fakturaen du fekk i mars/april, med forfall 20. april, skal ikkje betalast. Hadde du betalt han skal du ha fått tilbake pengane dine.

Eigedomsskatt 

Ut 2020 er det berre tidligare Sandøy, Skodje og Ålesund som har eigedomsskatt. Sjå kva som gjeld din kommunedel: 

Frå 2021 blir det innført eigedomsskatt i heile den nye kommunen. Administrasjonen arbeider med no med grunnlaget for utskriving av eigedomsskatt også i dei kommunedelane, som ikkje hadde eigedomsskatt før kommunesamanslåing.

Dette er ikkje med i fakturaen

Eit unntak i faktuaen du får 26. mai er gebyr for renovasjon og slam. På grunn av tekniske utfordringar, kjem ikkje kostnadane for april med på denne fakturaen. Kostnadane for april vil i staden bli tatt med i faktura for andre termin som kjem  med betalingsfrist 20. september.

Årsgebyr som går på utøving av mynde etter forureiningsregelverket vil bli sendt ut på eigen faktura på slutten av året. Dette gjeld:

  • tilsyn og oppfølging av utslepp frå private avløpsanlegg (f.eks utslepp frå slamavskiljarar og minireinseanlegg)
  • tilsyn og oppfølging av påslepp frå feitt- og oljeutskiljarar

Sjå eiga samleside for kommunale avgifter. 

Til toppen