Valgdirektoratet
Den 11. september er det kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg. Dersom du ikkje har anledning til å stemme på valdagen eller i den ordinære førehandsstemmeperioden, kan du tidlegstemme frå og med 3. juli til og med 9. august på desse stadene:
Haram:
- Innbyggartorget i Brattvåg (i ordinær opningstid)
Ålesund:
- Innbyggartorga i Ålesund, Steinshamn, Sjøholt og Skodje (i ordinær opningstid)
- Biblioteket på Moa (i ordinær opningstid)
Her finn du opningstidene til alle stemmestadene
Ta med legitimasjon når du skal stemme, til dømes førarkort (både fysisk og digitalt førarkort kan nyttast), bankkort med bilde eller pass.
Den ordinære førehandsstemmeperioden startar 10. august og varer til og med 8. september.
Hugs at du kan tidleg- og førehandsstemme i heile Noreg, ikkje berre i kommunen du bur i. Det er berre på valdagen at du må stemme i kommunen der du står i manntalet.
Manntal
Du er innført i manntalet i den kommunen du er registrert i Folkeregistreret som busett
30. juni 2023.
Manntala ligg ute til offentleg ettersyn frå 17. juli på desse stadene:
- Innbyggartorget i Brattvåg
- Innbyggartorget i Ålesund
Her finn du meir informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 for Haram og Ålesund