No kan du komme med innspel til namn - Ny bru over Brosundet i Ålesund sentrumPå vegne av Statens vegvesen vil Statens kartverk reise namnesak for ny bru over Brosundet i Ålesund sentrum.Før den formelle namnesaka blir starta opp er det ønskeleg at aktuelle namnealternativ blir lagt fram. Den nye brua skal ligge om lag 100 meter syd for Hellebrua.Kartutsnitt over området kor ny bru skal etablerast Statens vegvesen Tegning av ny bru over Brosundet Statens vegvesen Innspel til namn på ny bruKommunen ber om innspel til namn på ny bru innan 18.12.2023.Det blir ikkje gitt direkte tilbakemelde på eventuelle innspel, men innspela blir vidareformidla til Statens vegvesen og Statens kartverk slik at dei blir tatt med i vidare sakshandsaming. Innspel som kommuneadministrasjonen vurderar som støytande eller upassande blir derimot ikkje tatt med i den vidare sakshandsaminga.Ein ser helst at kommunen si digitale løysing for å komme med innspel blir nytta.Innspel kan og sendast skriftleg på e-post eller som brev til vår postadresse Ålesund kommune, postboks 1521, 6025 Ålesund kommune. Sist endra 31.10.2023 10.30