Siste nytt

No kan du kome med dine innspel om nytt vassbehandlingsanlegg i Fremmerholen

Fristen for å levere innspel til planarbeidet er forlenga til 1. mai i år. Du kan levere innspela dine og lese meir om prosjektet på ei eigen nettside som du finn i artikkelen.

Klikk for stort bilete 

Ålesund kommune skal starte prosjektering og  reguleringsarbeid for eit nytt vassbehandlingsanlegg. I samband med arbeidet samlar kommunen inn innspel som skal vere grunnlaget for arbeidet med reguleringsplanen.

Asplan Viak er plankonsulent og har oppretta ei eigen nettside der alle interesserte kan kome med innspel og lese om prosjektet: Vannbehandlingsanlegg og pumpestasjon i Fremmerholen (arcgis.com)

Det blir også mogleg å sende høyringsuttale når planforslaget blir lagt ut til offentleg ettersyn. Det er politikarane i Ålesund som vedtar at planen skal ut til høyring når planutkast føreligg, og frå då er det kommunen som skal føre planarbeidet i hamn, seier prosjektleiar Elin Nerem som er sivilingeniør for vatn og avløp i Ålesund kommune.

Ho fortel at det allereie er kome henvendingar frå folk som bur i området og som er bekymra for kor pumpestasjonen blir plassert når det gjeld til dømes støy frå stasjonen.

Vi skal no kartlegge korleis ulike plasseringar av pumpestasjonen vil påvirke landskap, natur, friluftsliv og nærmiljøet i området. Vi skal sjå på fleire tomter innanfor eit større område, og endeleg plassering vil bli bestemt når vi kan nok om konsekvensane for plasseringa, seier Nerem.

Bakgrunn

Brusdalsvatnet er drikkevasskjelde for 50 000 menneske i Ålesund og Sula. Med kun eitt vassbehandlingsanlegg er innbyggarane i ytre Ålesund sårbare om noko skulle skje med vatnet. For å sikre full dekning av vassforsyning om eksisterande anlegg skal falle ut, har Mattilsynet stilt krav om tilgang til reserveforsyningsvatn som skal dekke 100 % av det daglege behovet. Ålesund har fått fleire tidsfristar for å få på plass eit slik reserveanlegg og Mattilsynet har varsla tiltak om ikkje Ålesund kommune set ein dato for bygging.

I arbeidet med kvar anlegget skal ligge, har også Holsfjellet og Rødset vore moglege stader. No har Ålesund kommunestyre vedtatt at det nye vassbehandlingsanlegget skal byggast i Brusdalsvegen 208 i Fremmerholen.

Det er behov for å bygge ny pumpestasjoen som skal hente vatn frå Brusdalsvatnet til anlegget. Naboar er allereie varsla skriftleg om oppstart av planarbeidet. No kan altså alle kome med sine innspel på nettsida til Asplan Viak innan 15. april. Alle innspel skal vere ein del av den vidare saksbehandlinga.

Brusdalsvatnet vil vere vasskjelde også for det nye anlegget.

Det er mogleg fordi Brusdalsvatnet er ei spesielt god kjelde som er stort nok og har svært god vasskvalitet. Det er også den einaste vasskjelda i området som er stor nok til å levere nok vatn til innbyggarane  - også i framtida, seier Nerem.

Den gode vasskvaliteten kan bli påverka av klimaendringar og andre forhold, og dette gjer det svært viktig å verne om dei områda som ligg rundt vatnet og som vil vere nedslagfeltet til vatnet. Nedslagsfeltet er området rundt vatnet som vil gje tilsig av vatn frå omkringliggande område til Brusdalsvatnet. Negative endringar kjem gradvis over år, og vil vere vanskeleg å reversere om dei først skjer, avsluttar ho.
 

Tilsig av vatn kjem både frå bekkar, elver og frå grunnen. 

Orientering til kommunedelsutval

Prosjektet skal halde ei orientering om arbeidet i kommunedelsutvalget for Spjelkavik, Åse og Lerstad, 14. april.

Til toppen