No er salet i gang på Sørsida

I samarbeid med Hadrian Eiendom AS er Sørsida Utvikling no klare for å starte prosessen med tomtesal av A1 og A2 på Sørsida.

Illustrasjonstegning av Sørsida i Ålesund - Klikk for stort bilete

Hadrian Eiendom AS er engasjert av Sørsida Utvikling for å hjelpe til med sal av felt A1 og A2 i områdeplan for Sørsida i Ålesund. Marknaden skal givast høve til å by på felta kvar for seg og samla.

- Vi i Sørsida Utvikling har ei målsetting om at Sørsida skal nå dei kommunale forpliktingane om å vere ein nullutsleppsbydel. Dette skal gjerast ved å utvikle Sørsida til å bli eit føregangsdøme på byområde som balanserer økonomiske, miljømessige og sosiale berekraftsmål. Sørsida Utvikling skal legge vekt på sitt særlege samfunnsmessige ansvar og skal i den samanhengen vareta offentlege og byutviklingsmessige omsyn. Vi gler oss til prosessen og ser fram til å samarbeide med ulike aktørar om å utvikle Sørsida til det beste for både byen og regionen.

Sjå heile prospektet her eller på finn.no.