No er Helleborgparken open!

Onsdag 3. mai var det storstilt opning av Helleborgparken. Parken vert eit flott tilskot til både unge og vaksne i lokalsamfunnet, og kanskje særleg for borna på Aspøyskolen. Prosjektleiar Linda Fiskerstrand Sperre ville lage ein jungel i byen, som inspirerer til kreativ leik.

Tre kvinner med park i bakgrunnen - Klikk for stort bileteAnne Berit Støyva Emblem og Inger Bakke frå Sunnmøre Friluftsråd var med på opninga av Helleborgparken. Her saman med prosjektleiar Linda Fiskerstrand Sperre Jon Åge Giske Andersen

Parken er utsmykka i samarbeid med studentar frå Ytre Kunstfagskole, og har ei utradisjonell utforming. Hoppesteinar, store tre, høgtveksande "jungel"- vegetasjon og luftige gangvegar skal skape ein plass for nysgjerrigheit og kreativitet på naturens premisser. Samstundes er det lagt opp til gode møteplassar for innbyggarar i alle aldrar, med bord, stolar, brettspel og ein svingbenk.

I bygginga av parken har kostnadane vore delt likt mellom utbyggar og kommunen.   

Ein plass å ta vare på 

Hans Jørund Remmen, leiar for det lokale kommunedelsutvalet, haldt opningstale og fortalde litt om prosessen. Tilhøyrsle og eigarskap er viktig for å få ein fin park, både no og i framtida. 

“Denne plassen skal eg ta vare på. For – om det er tatt vare på, og det ser ordentleg ut, så er det kjekt å vere her. Då trur eg vi kjem til å bruke denne plassen mykje” 

samling born og vaksne i fri leik - Klikk for stort bileteKreativ leik i den nyopna parken Jon Åge Giske Andersen

Inger Bakke frå Sunnmøre Friluftsråd hadde laga leikar i samarbeid med skuleborna, og viste desse fram for tilskodarane. Til slutt vart parken opna med snorklipping, med god hjelp frå ein elev. 

Ville ta omsyn til naturen 

Prosjektleiar Linda Fiskerstrand Sperre var kjend med området før det vart aktuelt å bygge park. Når spørsmålet kom opp var det klart at trea og all hundekjeksen som lagde eit vakkert kvitt dekke måtte takast vare på. 

Løysinga vart då å bygge alt på pålar over bakkenivå. Slik har ein klart å ta vare på trea og naturlivet. Hundekjeksen er høge plantar og vil danne ein jungelfølelse når ein går gjennom parken og hopper over hoppesteinane.  

“Grunnlaget for ein eigen karakter til parken låg der frå før, og eg er veldig glad for støtta internt i kommunen for å kunne realisere ideen og å lage ein annleis park og leik. 

Helleborgparken er ei roleg og skjerma grøn lunge, med lite bilar og folk. Ein får høve til å sitte og kjenne på dei rolege omgivnadane, og høyre både på vind og fugleliv.  

Eg håper at parken blir brukt til både undervisning, hengeplass, leikeplass, familieutflukter, daglege turar, og at det vil vere ein trygg plass å gå til.”