Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

No er det klart for Seniorfestivalen 2020

Frå 21. til 26. september vil Seniorfestivalen vere ein arena for gode kulturopplevingar. Sjå programmet her. 

Klikk for stort bilde Peder Otto Dybvik  

"Livsglede i eldre år" er årets motto for festivalen. Styret fortel at vi skal ha det hyggeleg saman, halde oss i form og ta vare på helsa vår. Eit meningsfylt liv er viktig!

Slik er årets program

Ved seniorsentera og Frivillighetssentralen er det mange aktivitetar heile året som seniorane kan nytte seg av.

Programmet for Festivalveka er variert og innhaldsrikt med opningskonsert i Spjelkavik kyrkje med Blue Horn Jazzband, seniordans i Rådhussalen, Alzheimerdagen blir markert ved film framvisning på Odeon og FN's Internasjonale Eldredag blir feira på rådhuset i Ålesund laurdag den 26.september. I tillegg blir det arrangert festmiddagar med underhaldning på seniorsentera og institusjonane rundt omkring i storkommunen.

Sjå i nedlastbart program her. (PDF, 3 MB)

Til toppen