Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Siste nytt

No er bypakkealesund.no lansert!

Skjermbilde av Bypakken si nettside.  - Klikk for stort bileteSkjermbilde av Bypakken si nettside. Bypakke Ålesund gikk i slutten av september på lufta med heilt ny nettside. Her kan ein lese om korleis Ålesund skal ruste seg for å møte framtida med miljøvennlege og effektive samferdselsløysingar.

I bypakken skal Ålesund kommune, Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid bruke fire milliardar kroner på å betre vegane, bygge sykkelvegar, sikre dei mjuke trafikantane og legge tilrette for auka bruk av kollektivtransport.

-Bypakken er ikkje berre eit miljøtiltak, men også eit tiltak for ønskt byutvikling, og for strategisk transportplanlegging til og frå sentrum, seier leiar for sekretariatet for Bypakken, Nils Inge Romarheim. 

På nettsida finn ein relevante nyheiter, og prosjekta i Bypakken er fordelt på kategoriane sykkel, kollektiv, veg og trygg skuleveg. Her er kart, foto og forklaringar om dei prosjekta som er vedtatt.   Ei digital kartløysing vil kome om kort tid.
 

Tore Johan Øvstebø med to flagg i hendene - Klikk for stort bilete  - På nettsida vår skal det vere enkelt å få informasjon om kva prosjekt Bypakken vil bidra til, og kva dette har å seie for innbyggarane. Ein finn også eit kart som viser kvar dei tre snitta for bomstasjonane vil kome, seier leiar for styringsgruppa for Bypakken, Tore Johan Øvstebø. 

Mål å redusere biltrafikken

Det er eit mål frå sentrale myndigheiter å redusere biltrafikken i norske byar. Difor har bypakken i Ålesund fleire hovudmål:  

  • Byen skal ha eit påliteleg og effektivt transportsystem for alle transportformer. Transportsystemet må møte veksten i transportsektoren.  
  • Bypakken skal bidra til å utvikle framtidsretta kollektivtilbod.  
  • Bypakken skal bidra til attraktiv og berekraftig byutvikling. 

Nettsida er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. Klikk deg inn og les meir i nettløysinga for Bypakke Ålesund. 

Til toppen