Inn i eventyret med Eldrid Schrøder Kvalvik, Lena Nymark og Preben Rongve
Bent Erik Myrvoll
Planen for rommet er klar fortel koordinator for Verkstad da Vinci, Trine Smoor Isaksen:
- Her skal det vere plass til å danse, male, lære dramateknikk, spele musikk, og lese og skrive – alt saman med profesjonelle kunstnarar.
Kunstnarane som skal arbeide med utviklinga av verkstadar vert oppfordra til å teste ut nye arbeidsformer saman med andre kunstnarar, - og aller helst tverrfagleg. Planene er å bygge rommet som ein arena for kunstnarisk samarbeid, og som ein imponerande destinasjon for elevane å kome på besøk til!
Og det blir ikkje vanskeleg for skolane å kome på besøk, for vi er heldige å ha fått til ein avtale med fylkeskommunen om gratis buss til elevane. Dette er kjempeviktig at vi har fått kjempa fram, då vi kan sjå at det er avgjerande for skolen si deltaking at det ikke kjem nokre ekstra reisekostnadar til dei.
Eit populært prosjekt
I pilotprosjektet Verkstad da Vinci (2021-2022) har det vore testa ut 15 verkstadar som har vore utvikla av om lag 20 kunstnarar frå Møre og Romsdal, vi har jobba med alt i fra deltakande eventyrstund, til å fortelje ei historie gjennom animasjon, trykke med plantar, og å lage performance. Aspøy, Volsdalen og Hessa skole var med i piloten.
- Vi opplever at skulen er veldig positive til dette prosjektet og at det er midt i blinken for arbeidet med djupnelæring og tverrfaglegheit. At både elevar og lærarar får treffe skapande kunstnarar, og ta del i kunstnariske prosesser som gir positive læringsopplevingar og meistring, seier Isaksen.
Vi har brukt fellesverkstaden til Aggregat kunstnerfellesskap og prosjektrommet «Mottaket» som arenaen for utviklinga av prosjektet. No ser vi at vi treng eit eige rom når vi skal ta imot alle dei om lag 800 elevane på 5.trinn.
Eit eige rom
Hausten 2023 skal Verkstad da Vinci-rommet stå klart og det skal ha Wow- faktor! Elevane skal kome til eit rom som innbyr til å skape.
Det er Aggregat Kunstnerfellesskap som no set i gang arbeidet med å bygge rommet i torghallen, med støtte fra Kulturdirektoratet. Aggregat har allereie fellesverkstad og studio i kjøpesenteret, og prosjekt og visningsrommet «Mottaket» tilknytta.
Verkstad da Vinci er finansiert i samarbeid med Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Sparebanken Møre og Stiftinga Kjell Holm.
- I prosjektet har vi sikra metodikken og utviklinga i prosjektet basert på eit godt samarbeid med pedagogar i skolen med blikk på måloppnåinga i læreplanen og kunstnarar i det frie feltet. Og for kunstnarar som ønsker å arbeide med å utvikle verkstadar i Verkstad da Vinci, er søknadsskjema opent til 30. mars!
Vil du vite meir om Verkstad da Vinci? Les meir på temasiden om kunst i skolen.